NRK Meny
Normal

Då foreldra dro til Syden, starta Vegard rockefestival i hagen

– Mora mi har fått tilnamnet «Rocke-Aud». Den trur eg ikkje ho såg komme, seier arrangøren av Flatøy Rock.

A-Laget på Flatøy Rock 2012

UTVIDA FESTIVALEN: I 2012 vart festivalen på Meland utvida, og Flatøy Rock vart ein todagars festival. A-Laget (bildet) var mellom dei som hadde konsert det året.

Foto: Reidar Nævdal / Flatøy Rock

Vegard Flatøy

STARTA FESTIVAL: Vegard Flatøy var åleine heime i 2008, og då starta han festival i hagen.

Foto: Reidar Nævdal / Flatøy Rock

– Det var ikkje dei største dimensjonane då. Det byrja med at foreldra mine reiste på ferie til Lanzarote, og eg var åleine heime, seier Vegard Flatøy.

Foreldra visste ikkje at sonen kom til å starte festival då dei reiste på ferie i 2008, men no har heime åleine-festen til Vegard blitt festival i Meland kommune.

– Det eksisterte ikkje noko kulturtilbod for unge i Nordhordland på den tida. Difor skaffa me eit partytelt, fire pallar, nokre høgtalarar og nokre forsterkarar, og så strakk me skøyteleidning frå huset og ned i lia, seier Flatøy.

– Deretter trykte me opp nokre T-skjorter, lagde banner, og fekk booka seks-sju band, og så hadde me ein festival, seier Flatøy.

Blei tradisjon

Då foreldra kom heim frå ferie var det ikkje kjeft å få for Vegard, for dei var heller meir imponerte over sonen.

– Når dei kom heim og fekk vite at det hadde vore ein musikkfestival i hagen, så synst dei eigentleg at det var litt ålreit, seier Flatøy.

Etter sju år ha festivalen prega familien litt meir enn venta.

– Mora mi har fått tilnamnet «Rocke-Aud». Den trur eg ikkje ho såg komme, seier festivalarrangøren.

Bevisst profil

Førebur Flatøy Rock

FØREBUR FESTIVAL: Årets Flatøy Rock er større enn nokon sinne.

Foto: Reidar Nævdal / Flatøy Rock

Heilt frå Flatøy fekk vite at foreldra lét han vere heime åleine, så hadde han ein plan om å arrangere festival i hagen. For det skulle vere festival, ikkje ein vanleg fest.

– Forskjellen på ein fest og ein festival er alt du har rundt. Me har forskjellige band, me har alltid hatt ein bevisst bookingprofil, og me har alltid vore bevisst på at det skal vere ein festival, seier Flatøy.

– Me har alltid laga vår eigen merchandise, og me har alltid tenkt at me må bygge opp Flatøy Rock som ein festival. Det var alltid planen at det skulle bli Flatøy Rock slik som det er no i år.

Todagars festival

Festivalen har vakse, og det som før var ein dags festival, har no blitt til to. I 2011 utvida festivalgjengen, og flytta ut frå hagen til foreldra til Vegard.

– Då fekk mamma og dei ha hagen sin i fred, for då byrja det å gå litt over styr. Siste året i hagen hadde me til og med leigd inn portable toalett, for det byrja å komme litt for mange folk i hagen, seier Flatøy.

– Rododendronen tolte ikkje påkjenninga, så då flytta me det opp utanfor den nedlagde skulen på Flatøy, og der var det eit perfekt område, seier han.

Det var då arrangementet vart meir offentleg, og festivalarrangørane kunne annonsere festen på ein annan måte.

– Tidlegare kunne det komme for mykje folk, og no var ikkje det så stort problem, seier Flatøy.

Scenen og lyden vart meir profesjonell, men hagefestivalsjela prøvde festivalarrangøren framleis å halde på.

I 2012 vart festivalen eit todagars festival.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ribozyme på Flatøy Rock 2013

OPPHAVLEG HEIME-ÅLEINE-FEST: Flatøy Rock starta i 2008 då Vegard Flatøy var åleine heime. I år er festivalen større enn nokon gong.

Foto: Reidar Nævdal / Flatøy Rock

Større enn nokon sinne

Årets festival har to scenar, med eit dagprogram i tillegg til programmet på kvelden. Mellom anna Casiokids skal spele, og MFC Chicken kjem frå USA for å spele på Flatøy.

– Dei er eit rock and roll garasjeband. Dei reiser rundt i heile verda og spelar, innafor garasjerock-miljøet så er dei veldig store. Dei vart freista til ein tur til Flatøy, særskilt etter at me lova dei ein fisketur på dagen, seier Flatøy.

– Casiokids trur eg er perfekt for Flatøy, for det er veldig upretensiøs og god stemning på Flatøy Rock, legg han til.

Ein del lokale som Juicyfur, og Still Shaking spelar, og festivalen stiller òg med nyopna matkjede dette året.

– Me har òg opna vår eiga taco-kjede, så me opnar vår første filial på Flatøy Rock. Om pågangen og maten er enormt god, så kan det vere den blir ståande etter festivalen, seier Vegard lurt.


Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.