Hopp til innhold

Du må betala meir for ei ferjereise som kostar mindre

Folk må betala meir for ferjeturen neste år – sjølv om kostnadane til drift går ned. – Fylkeskommunen tek med begge nevane, seier Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe.

MF "Masfjord" i rute på Halhjem - Våge (2010)

FERJETUREN BLIR DYRARE: Dei 17 fylkesferjesambanda i Hordaland må punga ut meir for å kryssa fjordarmane trass i at fylket betalar mindre for ferjedrifta. Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er ikkje imponert.

Foto: Harald Sætre

I budsjettet for 2017 legg fylkesrådmannen opp til å auka ferjetakstane med 7,8 prosent. Det er langt meir enn prisveksten for resten av kollektivtransporten.

Det får ordførar Kåre Martin Kleppe (H) i ferjefylket Tysnes til å reagera.

– Ein prisauke kvart år er me budd på, men ein auke på 7,8 prosent synest me er veldig høgt.

Fryktar dyre ferjeavtalar

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

VIL HA MEIR: Fylkesrådmann Rune Haugsdal forklarar prisveksten til neste år med nye kontraktar som først vert innført i 2018.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkesrådmann Rune Haugsdal forklarar prisveksten til neste år med nye kontraktar som først vert innført i 2018.

– Staten vel å justera takstane sine på riksvegsambanda. Då vel me, for å førebu oss på kontraktar som snart skal inngåast, å gjera det same.

Dei som reiser med dei 17 fylkesferjesambanda i Hordaland må punga ut meir for fjordkryssingane.

For ferja mellom Hufthamar og Krokeide betyr takstendringa at prisen aukar frå 218 til 235 kroner ein for ein vanleg personbil. For strekninga Halhjem til Våge i Tysnes stig prisen frå 143 til 154 kroner.

– Me kan ikkje akkurat sykla over fjorden

Ordførar Kåre Martin Kleppe

IKKJE IMPONERT: – Fylkeskommunen tek med begge nevane, seier Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H).

Men samtidig som fylkesrådmannen går inn for å krevja meir pengar frå dei reisande har kostnadane til drivstoff gått ned.

– For 2017 isolert sett hentar me nokre kroner når det gjeld drivstoff og lønskostnader.

Det betyr at dei reisande betalar meir – og det offentlege mindre.

Kleppe er redd auken vil gå ut over pendlarar og næringslivet i Sunnhordland. Takstauken er langt meir enn for resten av kollektivtrafikken, som ikkje aukar med meir enn 2,5 prosent.

Tysnes-ordføraren meiner fylkeskommunen tek med begge nevar når ein prisen går opp før kostnaden.

– Det er dumt å betala meir når driftsprisen for fylket går ned. Innbyggjarane må koma seg over fjorden, og det er ingen alternativ til ferja. Me kan ikkje akkurat sykla.

Anne Gine Hestetun

ÅTVARAR: Fylkesordførar Anne-Gine Hestetun (Ap) trur Hordaland vil få store utfordringar med å finansiera ferjedrifta i åra som kjem. Difor støttar ho prishoppet.

Foto: Sølve Rydland

Skuldar på regjeringa

Sjølv om fylkeskommunen sine kostnadar vil gå ned i 2017 – vil dei auka igjen i 2018. Nye kontraktar med ein meir miljøvenlege ferjeflåte vil auka kostnadane.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) går langt i å akseptera at bilistane neste år skal betala meir, medan fylkeskommunen skal betala mindre for ferjereisene.

– I andre fylke har kostnadene med nye kontraktar auka med 30–40 prosent når nye ferjepakkar skal reforhandlast. Det er unaturleg å tru at det ikkje òg vil skje i Hordaland, seier Hestetun.

– Eg er sikker på at me vil få ei stor utfordring med finansiering av ferjedrifta vår framover.

Kleppe meiner på si side fylkeskommunen burde sikra seg garantiar for meir pengar til miljøvenlege ferjer før dei gjekk inn for ambisiøse løft i ferjeflåten.

– Staten må finansiera meir, og fylkeskommunen burde ha kravd meir. Her er store satsingar utan garantiar, og det går ut over brukarane.