Hopp til innhold

Drøymer om norsk delikatesse-eventyr: Her er landets første «trøffel-farm»

ULVIK (NRK): Truls Opdal vil plukka trøflar i Hardanger. Ordføraren håper den lokale gründeren lukkast. – Det er skikkeleg «wow-faktor» over dette.

Truls Opdal og Håkon Gjerde i trøffelåker i Ulvik

TUSEN TRE: Truls Opdal (t.h.) og Håkon Gjerde inspiserer trøffelveksten utandørs i Ulvik.

Foto: Tale Hauso / NRK

I eit stort drivhus i Ulvik står hasseltre tett i tett, med frodige og grøne blad.

Om nokre år håpar Truls Opdal at han, som den første i Noreg, kan plukka fram ein lokalt dyrka delikatesse frå jorda under hasseltrea.

– Vi ser ikkje så mykje no, men det spirar og gror. Vi ventar på at det om nokre år ligg fine og gode trøflar her, seier Opdal.

I dag kjem nesten all trøffel som blir omsett frå Italia og Frankrike. Det høyrest kanskje ellevilt ut at den til tider svært kostbare matvara, snart kan bli ein kortreist delikatesse i Noreg.

Truls Opdal og Håkon Gjerde i trøffeldrivhus i Ulvik

DRIVHUS: – Vekstforholda er fantastiske her inne, seier Truls Opdal (t.h.).

Foto: Tale Hauso / NRK

Har planta 1000 hasseltre

Men matentusiasten Opdal har faktisk støtte frå vitskapen. Etter å ha besøkt område der trøffel veks naturleg, kom han i kontakt med eit forskingsmiljø.

Forskarane kom til Ulvik i 2014, tok prøver av klima og jordsmonn og konkluderte med at her gjekk det an å produsera Burgund-trøffel.

Sidan då har Opdal og dei andre i Nordic Truffle planta nesten 1000 tre i hardangerkommunen. Både ute i plantasje, men også inne i eit veksthus, som den første og einaste i verda.

– Vekstforholda er fantastiske her inne. Desse hasseltrea er altså infisert med trøffelsporet frå Burgund-trøflane. Det blir brukt i vanleg mat, is, sjokolade og olje. Det finst uendelege moglegheiter med trøflane.

Truls Opdal og Håkon Gjerde i trøffeldrivhus i Ulvik

FORTRØFFELIG: Inne i veksthuset i Ulvik i Hardanger er det gode dyrkingsforhold for trøffelen. Truls Opdal (t.h.) satsar på at dei veks fram i løpet av nokre år. Rektor Håkon Gjerde ved produksjonsskulen i Ulvik er også spent.

Foto: Tale Hauso / NRK

Må vera tolmodige

Nordic Truffle leiger areal og får hjelp av produksjonsskulen på Hjeltnes i Ulvik. Ei av linjene på fagskulen heiter lokal matkultur.

Rektor Håkon Gjerde synest trøffelproduksjonen er spennande.

– Det er mykje lærdom i å ha produksjonen av ei så spesiell og verdifull matvare så tett på, seier han.

Ulvik herad har saman med Hardangerrådet og Fylkesmannen støtta trøffelproduksjonen med pengar. Målet er å skapa ein Ulvik-trøffel i området som elles er kjent for fruktdyrking.

Truls Opdal og Håkon Gjerde i trøffelåker i Ulvik

ÅKER: – Det er mykje lærdom i å ha produksjonen av ei så spesiell og verdifull matvare så tett på, seier Håkon Gjerde (t.h.).

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er ein skikkeleg «wow-faktor» over dette prosjektet. Det er veldig spanande om vi får til dette her i Ulvik, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen.

Men framleis er alt usikkert. Det tar mellom seks og sju år frå planting og fram til det eventuelt kjem trøflar i hardangerjorda. Det gjeld å ha tolmod.

– Eg håpar vi i 2020 eller 2021 kan gå med eit stort glis og plukka trøflar her inne i Hardanger, seier Truls Opdal.

Hans Petter Thorbjørnsen, ordfører i Ulvik (Ap)

WOW: – Det er veldig spanande om vi får til dette her i Ulvik, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen.

Foto: Tale Hauso / NRK