Hopp til innhold

Droppar reklame for Vestlandet etter nok ein rekordsommar

2016 har vore så bra for turistnæringa at dei no droppar mykje av reklamen for Vestlandet bada i sol. – Målet vårt er ikkje lenger ein vekst i sommarmånadene.

Vøringsfossen

TURISTREKORD: Turistsesongen på Vestlandet har slege alle rekordar. No vil Fjord Norge tona ned marknadsføring av sommarsesongen. – Salet går av seg sjølv, seier reiselivsdirektør.

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norway

– I juni, juli og august er det nærmast fullt mange stader. Enkelte stader går salet av seg sjølv, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

For første gong har norske hotell registrerte over 3,1 millionar overnattingar i juli månad.

– Frå neste år driv me ikkje marknadsføring av Vestlandet som sommardestinasjon.

Kristian Jørgensen, direktør i Fjord Norge

Det er det høgaste talet nokosinne.

Om ein tek med tal frå campingplassar, vandrarheimar og hyttegrender var det nasjonale talet 6,2 millionar overnattingsgjester. Auken frå i fjor er 13 prosent.

Kristian Jørgensen

REKORDSOMMAR: For andre året på rad ligg Fjord Norge an til rekord. – Eg har aldri sett ein sånn vekst, seier direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.

Foto: PRIVAT

Droppar marknadsføring

For destinasjonsselskapet Fjord Norge, som marknadsfører dei fire vestlandsfylka, har oppgangen i juli vore oppsiktsvekkjande.

Meir enn ein tredjedel av dei to millionar utlendingane som vitja Noreg i juli la turen til Vestlandet. Veksten var på 16,2 prosent.

– Etter mine åtte år i jobben har eg aldri sett ein sånn vekst, seier Jørgensen.

Paraplyen ble flittig brukt under regnværet i Bergen.

TURISTREKORD: Trass regnvêr og nedbørsrekordar i Bergen: Turistsesongen på Vestlandet har slege alle rekordar. – Salet går av seg sjølv, seier reiselivsdirektør.

Foto: Breistein, Emil / NTB scanpix

No vil Fjord Norge endra marknadsstrategien.

– Frå neste år driv me ikkje særleg marknadsføring av Vestlandet som sommardestinasjon.

For frå mai til august går salet av hotellrom og opplevingar på Vestlandet nærast av seg sjølv. Difor kjem ikkje Fjord Norge til å bruka pengar på å selja irgrøne fjordlandskap i glitrande sol.

Laster innhold, vennligst vent..

– Fleire fjordhotell har meldt om hundre prosent dekning. Slikt er nesten umogleg, konstaterer reiselivsdirektøren.

Han vil i staden dreia fokuset over på heilårsturisme og Noreg som vinterdestinasjon.

Noreg treng auka turisttrafikk frå mai til september.

Ove Warberg
Ole Warberg

UEINIG: Reiselivsdirektør Ove Warberg i Bergen Reiselivslag deler ikkje Fjord Norge-direktøren sine tankar. – Det er ingenting som sel seg sjølv.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Treng framleis auka sommartrafikk

Reiselivsdirektør Ove Warberg i Bergen Reiselivsråd melder om ein fruktbar turistsesong så langt. Hordaland hadde 11 prosent fleire utanlandske overnattingsgjester i juli i år. Ifølgje Warberg ser også august og september svært lovande ut.

Men trass gode sommartal, deler han ikkje Jørgensen sin betraktningar om sommarsesongen.

– Det er ingenting som sel seg sjølv. At me må satsa meir på skuldersesongane i april og oktober er det ikkje tvil om, men me må ha fokus på at Noreg treng auka trafikk frå mai til september. Byar som Bergen og Stavanger har mykje å gå på, seier Warberg.

Vision of the fjords på Sognefjorden

IKKJE SÅNN: Vestlandet skal i mindre grad seljast inn ved hjelp av irgrøne fjordar og frodige dalar. Her frå Sognefjorden.

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge

Vil selja haustluft og kulde

Men for regiondirektøren i Fjord Norge er det haustfargar og puddersnø som gjeld framover. Sommarbileta på internett og i utanlandske reisekatalogar skal tonast kraftig ned.

– Me vil styrka satsinga på opplevingar i skuldersesongane, og endra måten me visualiserer fjordane på. Me vil gå vekk frå dei tradisjonelle bileta av norsk natur.

Jørgensen trur ikkje det vil verta problematisk å selja snø og kulde. Han trur det tvert om kan verka forlokkande på turistar frå varmare strok.

– Mange av dei som kjem til Noreg lever i tropestrok heile året. For dei er dette tiltalande. Finst det noko betre i verda enn frisk, norsk haustluft?

Fjord Norway

... MEN SÅNN: Fjord Norge vil satsa på haust- og vinterbilete i marknadsføringa av regionen.

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norway

Frå nedbørsrekord til turistrekord

Nedbørsrekordane har stått i kø over Vestlandet og Bergen, men det har ikkje skremt vekk turistane.

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har hatt 1,4 millionar overnattingar i år. Litt over halvparten er utlendingar.