Hopp til innhold

Droppar prisauke for dei yngste kollektivpassasjerane

Dei yngste kollektivpassasjerane er vinnarane etter at fleirtalspartia i Hordaland fylkeskommune i natt vart einige om budsjettet for 2018. Forfallet på fylkesvegane kjem til å auka.

Buss og bybane i Bergen

VERT IKKJE DYRARE FOR DEI YNGSTE: Fleirtalet i fylkeskommunen går inn for å frysa takstane på månadskort for dei yngste kollektivreisande.

Foto: Atle Markeng / NRK

Rundt midnatt onsdag vart Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og SV samde om fylkesbudsjettet for 2018.

Av driftsbudsjettet på 8,5 milliardar, flyttar fleirtalet på vel 55 millionar kroner. Det er samferdslefeltet som i størst grad vert styrka som følgje av budsjettavtalen.

Takstfrys for dei yngste

Det er dei yngste buss- og banepassasjerane som har størst grunn til å jubla. Fylkesrådmannen gjekk inn for å auka prisen for månadskort for barn og unge frå 365 til 405 kroner. Denne auken på 40 kroner vert no stoppa.

I tillegg går fleirtalspartia inn for å utvida aldersgrensa fram til fylte 21 år. Fylkesrådmannen gjekk inn for å redusera ordningane.

– Det er desse kollektivbrukarane som har dårlegast økonomi, det er òg viktig å laga gode reisevanar tidleg, seier Roald Kvamme (Ap9.

Tiltaka kostar politikarane 12,4 millionar kroner.

Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti er samde.

BUDSJETTKAMERATAR: Bente Bondhus (Sp), Roald Kvamme (Ap), fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap), Pål Kårbø (KrF) og Aud Karin Oen (SV) er samde om fylkesbudsjettet for 2018.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dei fire partia går inn for fylkesrådmannen sitt forslag om å redusera talet på kollektivsoner i Hordaland frå 470 til 7. Dette vil gjera at fleire kan reisa lenger med minstetakst. Mange meiner forslaget bidreg til at bergensarane i større grad skal subsidiera bussreisene til passasjerar i distrikta.

– Det er eg ikkje einig i. Færre soner er ekstra viktig for pendlarane frå nabokommunane til Bergen, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).

Fleire avgangar

Den styrande koalisjonen har òg funne pengar til å auka talet på buss og båtavgangar i store delar av Hordaland. Til dette er det sett av 10 millionar. Halvparten skal gå til om lag 500 nye dagleg bussavgangar i Bergen.

Det er vedlikehaldet av fylkesvegane som ser ut til å verta mest skadelidande i budsjettforslaget. Fylkesrådmannen har lagt opp til å bruka 39,5 millionar på asfalt i 2018. På same tid er Statens vegvesen tydlege på at det trengst minst 100 millionar om vegforfallet ikkje skal halda fram med å auka.

Fleirtalspartia har ikkje greidd å skrapa saman meir enn 20 friske millionar til asfalt. Desse skal i hovudsak brukast til å trygga skulevegar, og særleg dårlege strekningar.

Både Høgre og Framstegspartiet legg opp til langt meir pengar til asfalt. Medan Høgre brukar 62 milliona ekstrar, har Frp funne fram 50 friske millionar i sitt alternative budsjett.

– Hundre millionar er eit minimum om ein skal vera ansvarlege her. Fleirtalet si satsing kjem til å skapa utrygge vegar og er rett og slett uansvarleg, seier gruppeleiar i Høgre Silja Ekeland Bjørkly.

Høgre vel i sitt alternative budsjett å auka prisen på enkeltbillettar i kollektivtrafikken, men redusera prisen for månadskorta med 10 kroner. Dette vil i så fall vera ei auke på 20 kroner samanlikna med dagens nivå.

Gratis skolefrokost

SKULEFRUKOST: Tilbodet om skulefrukost, som mellom anna har vorte innført her på Årstad videregående skole, vert utvida.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Helsehjelp til papirlause og skulefrukost

Sjølv om det er samferdslesektoren som stikk av med flest pengar, vert det òg strødd pengar utover andre område.

Fleirtalspartia vil bruka meir pengar på læremiddel i yrkesfaga og aukar satsinga på skulefrukost med 2,5 millionar kroner.

Satsinga som ligg lengst frå det fylkeskommunale kjerneområdet, er SV sin kanskje største siger i fylkesbudsjettet.

Partiet har vunne fram med å bruka 300 000 på helsehjelp til papirlause flyktningar.

– Dette er den gruppa i Hordaland som har det aller vanskelegaste utgangspunktet. Me i SV er særs glade for at me kan hjelpa desse med elementær helsehjelp, seier gruppeleiar i SV Aud Karin Oen.

Når det gjeld investeringsbudsjettet flyttar fleirtalspartia på 50 millionar kroner. Mellom anna 5 millionar som skal gå til å sikra øvingslokalet til Carte Blanche og BIT Teatergarasjen.