Hopp til innhold

Droppar bompengesjokk i Bergen

Byrådet har bestemt at det i første omgang ikkje blir datokøyring eller femdobling av bompengane i Bergen. Men det kan bli aktuelt seinare i veka.

Trafikk i Bergen

KALDT OG STILLE: Tysdag føremiddag ligg temperaturen i Bergen sentrum på rundt fire grader. Luftforureininga er førebels låg, med unntak av på Danmarksplass, der det er betydeleg helserisiko.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Tysdag føremiddag var byrådet i Bergen samla for å vurdere om det skulle innførast datokøyring eller auka bompengetakst for å avgrense trafikken.

Bakgrunnen var fare for høg luftforureining tysdag og onsdag, og svært høg forureining torsdag og fredag.

– Varselet for luftkvalitet har endra seg frå i går til i dag. Det er ikkje meld fare for høg luftforureining i morgon, og det er difor ikkje grunnlag for å innføre tiltak som beredskapstakst i bomringen frå i morgon av, seier klimabyråd Julie Andersland.

Tiltaka kan likevel bli aktuelle seinare i veka, og kommunen vil følge situasjonen tett.

Også meteorologane ser no lysare på situasjonen for luftkvaliteten denne veka.

– Vi lurar litt på kor mykje det faktisk blir av den luftforureininga, seier vakthavande meteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Følger situasjonen nøye

Statsmeteorologen er usikker på om lufta vil verte like dårleg som frykta.

– Det blir mykje fint vêr i dagane som kjem, til og med fredag. Vi får bris mellom nord og aust, og ser ikkje den klassiske situasjonen ein ofte har når det er mykje luftforureining, med eit såkalla varmt høgtrykk med mykje varmluft høgt oppover, seier Hassel.

Tidleg tysdag ettermiddag er det framleis lite luftforureining i Bergen sentrum, med unntak av på Danmarksplass, der det er betydeleg helserisiko, ifølge luftkvalitet.no.

Julie Andersland

DROPPAR TILTAK: Klimabyråd Julie Andersland seier det førebels ikkje er fare for høg luftforureining over lang tid.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Andersland seier dei følger situasjonen nøye.

– Torsdag og fredag er det meld periodar med høg luftforureining. Vi følger situasjonen nøye, og gjer ei ny vurdering onsdag basert på oppdaterte varsel for luftkvaliteten.

– Ikkje den klassiske varianten

– Prognosane viser ein forholdsvis grunn inversjon, der det aller nedste sjiktet vil vere stabilt, seier Hassel.

Invensjon vil seie at den kalde lufta blir liggande, medan temperaturen aukar i høgda. Dersom det er lite bevegelse i luftmassane vert det danna eit slags lokk, og dette er svært avgjerande for om det blir høg luftforureining.

Frode Hassel river seg i håret

USIKKER: Statsmeteorolog Frode Hassel er usikker på om luftkvaliteten i Bergen blir like dårleg denne veka som ein først frykta.

Foto: Astrid Rommetveit

– Det kan samle seg opp ein del forureining i dagane som kjem, og truleg vil det bygge seg opp gradvis frå dag til dag. Men vi ser ikkje den klassiske varianten med ti plussgrader på Ulriken og null i sentrum, som gir aller mest forureining, fortel Hassel.