Mange hadde møtt opp til opninga av stien på «Heng 766» laurdag føremiddag. Med utsikt over fire ulike fjordar starta Maria Digranes den offisielle opninga av stien med å synga «Vestland, Vestland».
– Her står me i lag med vår kjære dronning, dronning Sonja som er naturen sin øvste beskyttar. Som Per Arne Tuftin sa; det er vel ingen andre som kjenner landet på langs og på tvers, og kvar einaste topp, betre enn dronning Sonja. Her skal me i dag få vera med på at me skal få vår eigen Dronningsti, sa Ullensvang-ordførar Solfrid Borge i opningstalen sin.
Kl. 11.20 opna dronning Sonja turstien ved å setta namnetrekket sitt på ein stein som skal markera inngangen til stien.
– Eg har sett bilete av det, men det er veldig morosamt å sjå det i verkelegheita. Eg er veldig stolt. Flott arbeid og nydeleg farge, seier dronning Sonja om skiltet «Dronningstien».
Ein av dronninga sine favorittar
Turstien som i dag offisielt blei opna har fått namnet «Dronning Sonjas tursti», og den har gjennom 20 år vore ein av dronninga sine favorittar, opplyser den lokale Lionsklubben i Ullensvang.
TURFORSLAG:
Lionsklubben har etter instruksjonar frå dronninga merka sommarruta på turen.
Dronning Sonja har tidlegare gjennomført turen både til fots og på ski.
Turen tar 4-6 timar og går opp til 1100 meters høgde på Hardangervidda. Den sørlege delen av ruta går gjennom det som har blitt kalla «Munketrappene», 616 trappetrinn i stein som blei lagt av lokale munkar frå klosteret i Opedal.
LES OGSÅ :