NRK Meny
Normal

Var god i PC-spel – var med på å drepe over 1600 menneske

Den amerikanske eks-dronekrigaren, Brandon Bryant, er hovudpersonen i den nye norske dokumentaren, Drone. Han fortel om sine opplevingar og angrar no på at han var med på å drepe over 1600 menneske. I kveld fekk filmen dei to gjævaste prisane på Bergen internasjonale Filmfestival.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Amerikanske Brandon Bryant var tidlegare dronekrigar. No fortel han om sine opplevingar i den nye dokumentaren Drone. FOTO/REDIGERING: Tim Christian Wassmo, NRK.

Då Brandon Bryant slutta i flyvåpenet fekk han eit poengkort. Dette kortet viste at han hadde vore med på oppdrag som drap over 1600 menneske.

Eg vil at folk som kjemper for vår tryggleik skal faktisk vera med å sikra vår tryggleik

Brandon Bryant, amerikansk eks-dronekrigar

– Eg vart veldig dårleg då eg fekk sjå kortet og talet som stod på; heile 1626 menneskeliv hadde eg tatt. Eg ville kasta opp, seier den amerikanske eks-dronekrigaren.

Desse opplevingane har gjort Bryant til hovudperson i ein ny norsk dokumentar som heiter Drone.

Fekk dei gjævaste prisane

I kveld vann filmen, som er laga av bergenske Flimmer film, menneskerettsprisen og norsk dokumentarpris på Bergen internasjonale filmfestival (BIFF).

– Det er utruleg stort og veldig rørande, sa regissør Tonje Hessen Schei etter mottakinga.

Filmen Drone undersøkjer dei menneskelege konsekvensane av moderne krigføring. Gjennom stemmene på begge sider av den nye droneteknologien, vert det presentert historier og samanhengar bak den hemmelege dronekrigen.

– Ei drone kan forandre krigføringa og ganske sikkert framtida vår. Den drepe tusenvis av menneske, og eg meiner dronekrigane er dei største utfordringa vi står ovanfor i dag, seier regissøren av filmen.

– Kven håpar du ser filmen?

– Den er for alle. Men at vi klarer å nå ut til eit ungt publikum, som her på BIFF, synest eg har vore veldig givande, seier Hessen Schei.

  • SJÅ OGSÅ: 55.000 skal se film i Bergen
    Dronetal

    TATT MANGE MENNESKELIV: Då Bryant slutta i flyvåpenet fekk han eit poengkort på kor mange liv han hadde vore med og tatt. Talet var 1626 menneske.

    Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Mange sivile drepne

Filmen fortel at berre i Pakistan åleine, er ca. 3000 menneske blitt drepne av dronar dei ti siste åra. Av desse er berre 49 bekrefta al qaida-toppar, noko som tyder at det er veldig mange sivile. Kvinner, born og folk som ein veit ikkje har ei terrortilknyting.

– Kvar mann over 12 år er eit terrormål. Det betyr ikkje noko om han har eit våpen eller ikkje – han er eit mål, forklarar Bryant.

Rekruttert frå PC-spel-miljøa

Dokumentaren Drone viser at mange dronepilotar vert rekruttert frå PC-spel-miljø og spesielt frå spel-messer. Brandon Bryant var ein av dei, og han innrømmer at timane føre PC-skjermen var med på å gje han jobben.

– Eg kunne sitja med beina på styrbordet og zooma inn og ut, forklarar Bryant.

No er han kritisk til korleis dronar vert brukt mot terror, og han har tala i FN om sine opplevingar.

– Er det Obama eller dei som styrer drona ansvarleg for om det er ein terrorist ein treff eller ikkje, spør Bryant.

Han er ein av svært få som har vore ein del av det amerikanske droneprogrammet og som har uttala seg negativt om det. Det er bruken av det og ikkje sjølve programmet han er negativ til.

– Eg er ikkje imot militæret eller dronar, men eg vil ha ansvarleg bruk. Eg vil at folk som kjemper for vår tryggleik skal faktisk vera med å sikra vår tryggleik, seier Bryant.

Denne mannen var god på PC-spill. Derfor ble han ansatt som dronepilot, og anslår at han har vært med på å drepe 1600 mennesker. Nå er han kritisk til hvordan droner brukes mot terror. I kveld kan den norske dokumentaren Drone, vinne hovedprisen under BIFF. Brandon Bryant er hovedpersonen i filmen.

VIDEO: I filmen Drone, kritiserer Brandon Bryant amerikansk dronekrig for å vera tilfeldig.



Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.