Hopp til innhold

Drevland møtt med smil og klemmar: – Det har vore beintøft

LAGUNEN (NRK): Trude Drevland var på boksignering då nyheita om henlegginga kom. Gratulasjonane strøymer no inn til den tidlegare bergensordføraren.

Trude Drevland var på boksignering da nyheten om at saken mot henne ble henlagt.

SE VIDEO: Trude Drevland møtt med klemmar og smil etter at henlegginga vart kjent.

Drevland var på boklansering på Os i Hordaland, då nyheita om henlegginga av korrupsjonssaka kom. Seinare gjekk turen til Lagunen i Bergen.

Då NRK treff Trude Drevland på Lagunen, blir ho overøst av klemmar, helsingar og handtrykk frå bergensarane. Det er ei tydeleg letta Drevland som gjer seg klar til signering av bøker.

– Eg fekk vite dette ein time før dykk, seier Drevland i ein kort kommentar til NRK medan ho gjer seg klar inne i bokhandelen.

– Eg er nøgd, og eg håpar dette går bra.

Saken mot Trude Drevland henlagt

- BEINTØFT: Trude Drevland på boksignering på Lagunen i dag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Advokaten ringde

Det var fredag føremiddag at statsadvokaten i Hordaland la ut pressemeldinga; saka mot skipsreiar Torstein Hagen, hamnesjef Inge Tangerås og tidlegare bergensordførar Trude Drevland er lagt vekk på bevisets stilling.

Det var advokat John Christian Elden som formidla henlegginga over telefonen til Drevland.

– Kan du seie noko om det augneblinken?

– Nei. Eg kan ikkje seie noko no. Eg kan berre seie at det har gått lang tid og at det har vore beintøft på alle måtar. Men eg er ikkje bitter og her er eg. Klar til å gjera jobben min, sa Drevland til NRK før ho starta signeringa av biografien "Litt privat".

Reaksjonar

I ein tekstmelding til NRK skriv advokat John Christian Elden at dei er glade for å bli høyrt.

– Ho har det dårleg etter 472 dagar i mistankens lys. No tenkjer ho i første omgang på å kunne feire jul, skriv Elden.

Både på Facebook og Twitter er det mange reaksjonar på henlegginga. Kollegaer og andre nyttar anledninga til å gratulere Drevland med utfallet.

På Facebook skriv Hilde Onarheim, leiar i bystyregruppa til Høgre i Bergen, at dei er svært glade for henlegginga.

– Dette er den beste julegåva Trude kunne få!

På Drevland si Facebook-side har det kome inn over 180 meldingar den siste timen etter at nyheita sprakk.

– Glad

Også Inge Tangerås, som har vore suspendert frå stillinga som hamnesjef i Bergen medan han har vore sikta, er ein glad mann i dag.

– Dette er ei fin førjulsgåve. Eg er glad for at det omsider har kome ei avklaring. Det har teke uvanleg lang tid, seier Tangerås til NRK.

Han ser no fram til å koma tilbake i jobben som hamnesjef, og takkar alle som har stilt opp for han i perioden når han har vore sikta.

Inge Tangerås

GLAD: Suspendert hamnesjef Inge Tangerås håpar å koma tilbake i jobb etter at siktinga mot han er lagt vekk.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Dobbel frifinning

– Torstein Hagen er naturleg nok letta og glad, men resultat kom ikkje uventa. Han har meint heile tida at verken han eller dei to andre har gjort noko gale, seier skipsreiaren sin advokat, Bjørn Stordrange, til NRK.

Men er de nøgd med at saka er lagt vekk på bevisets stilling?

– Eg hugsar at den første saka vart lagt vekk som intet straffbart forhold. Vi oppfattar den totale saksbehandlinga som ei dobbel henlegging, med to grunngjevingar, svarar Stordrange.