Hopp til innhold

Profilert eks-advokat risikerer fengsel

Odd Drevland møter måndag i Bergen tingrett, tiltalt for grovt økonomisk underslag. Denne gongen vil han vere til stades for å forsvare seg.

Odd Drevland

MØTER I RETTEN: Eks-advokat Odd Drevland er tiltalt for tre tilfelle av grovt økonomisk underslag.

Foto: Johansen, Rune / SCANPIX

For andre gong på ein månad er tidlegare advokat Odd Drevland involvert i ei rettssak i Bergen tingrett. 4. februar starta saka der Taxi Vest gjekk til sivilt søksmål og saksøkte Drevland for 2,2 millionar kroner.

Men Drevland sjølv møtte ikkje opp i retten. Ifølge hans forsvarar, advokat Per Magne Kristiansen, var han for sjuk til det. Då saka byrja, pakka også forsvararen saman dokumenta sine og forlét rettssalen.

– Eg kan ikkje føra saka utan min klient, sa Kristiansen til NRK.

Ein månad på å anke

Dommen i saka kom onsdag denne veka. Drevland tapte saka og vart dømd til å betale Taxi Vest 2,2 millionar kroner.

– For å vera ærleg, så var det som forventa. Det var ei sak som vart ført utan han og hans argument, seier forsvararen til NRK.

Han har ein månad på seg til anke dommen.

Tiltalt for grovt underslag

– Vi har lagt den saka litt på vent, fordi vi konsentrerer oss om den kommande straffesaka, fortel forsvararen til NRK.

Statsadvokaten tok i haust ut tiltale for tre tilfelle av grovt økonomisk underslag:

  • I 2003 skal Drevland ha underslått 389.300 kroner frå eit eigedomsselskap, som han som advokat hadde disposisjonsrett for.
  • I perioden juni 2007 til april 2011 skal han ha tatt 1.668.750 millionar kroner frå Taxi Vest.
  • I perioden november 2009 til november 2011 skal Drevland ifølgje tiltalen ha tatt ut 825.000 kroner frå eit dødsbu.
  • Desse tre punkta i tiltalen omfattar totalt 2,9 millionar kroner. Saka har ei strafferamme på minst seks år fengsel.

Møter i retten

Saka byrjar førstkomande måndag og denne gongen møter Drevland i rettssalen.

– Han har vore nøydd til å leva med dette i mange år no. Folk vil forstå at han har ei sjølvstendig og genuin interesse i å legge denne saka bak seg, seier forsvarar Per Magne Kristiansen.

Drevland erkjenner skuld for delar av tiltalen som er tatt ut mot han. Det gjeld underslaget frå dødsbuet. I tillegg innrømmer han å ha gitt feil rekneskapsopplysningar. Men utover dette erkjenner ikkje Drevland straffskuld.