NRK Meny
Normal

Tiltalte: – Eg er i stand til å drepe igjen

Dei to kompisane drakk øl og åt pizza då den eine plutseleg gjekk til angrep på den andre med kniv. – Eg berre følte han måtte døy, sa den tiltalte då rettssaka starta i dag.

Askøy drap

FUNNEN DREPEN: I desember i fjor vart ein 32 år gamal mann funnen drepen i ei av desse rorbuene på Herdla. I dag starta rettssaka etter knivdrapet.

Foto: Siri Kleiven Strøm

Ein 27 år gammal mann har vedgått at han drap bestekameraten på Herdla på Askøy i desember i fjor. 32-åringen blei funnen med 25 knivstikk i kroppen.

I dag møtte den tiltalte til første dag i rettssaka i Nordhordland tingrett etter drapet.

Den tiltalte har vedgått straffeskuld, og det skal ifølgje aktor ikkje vere omstridt kva som skjedde på hytta på Askøy desemberkvelden i fjor.

– Tiltalte har ei kjent psykiatrisk historie, og vi meiner det er overhengande fare for at han igjen vil gjere valdelege handlingar, sa aktor då rettssaka starta i Nordhordland tingrett i dag.

Det blei i februar i år konkludert med at tiltalte var psykotisk då han utførte drapet. Sakkunnige har også diagnostisert han med mellom anna schizofreni og ei dyssosiale personlegheitsforstyrring.

– Han var min beste ven

Tiltalte i retten etter Herdla-drapet

I RETTEN: Den tiltalte i retten saman med forsvarer Egil Jordan. Her sa den tiltalte at han er i stand til å drepe igjen.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Den tiltalte ønskjer ikkje å forklare seg i retten, då han meiner han har forklart i seg politiavhøyr. Det einaste han seier er at han ber om orsaking til drapsofferet sin familie.

Han går likevel med på å la aktor Benedicte Høgseth spørje han konkrete spørsmål om saka.

På spørsmål om kva tiltalte gjorde på Herdla, fortel han at han hadde flytta til Herdla fordi han ville vekk frå folk. Han hadde budd på Herdla i rundt to veker før drapet skjedde.

Drapsofferet blir skildra av tiltalte som hans beste ven. Dei to hadde kjent kvarandre sidan 1992, då dei budde saman på barneheim.

– Eg har ikkje så mange vener, men han var min beste ven, diverre. Han var ein veldig fin fyr, fortel tiltalte.

Vedgår at han kan drepe igjen

Stemninga mellom tiltalte og den drap skal ha vore god kvelden drapet skjedde. Dei drakk, og åt pizza på hytta i Herdla.

Det skal heller ikkje ha vore nokon krangel mellom dei to før 32-åringen blei knivstukken.

– Eg berre følte at han måtte døy. Han blei usynleg for meg. Som om han ikkje var eit menneske. Han mista alle kjenslene sine. Han forsvann frå meg, seier tiltalte om kvifor han knivstakk 32-åringen.

27-åringen har ikkje noko minne av at han har knivstakk 32-åringen 25 gongar.

Tiltalte hugsar heller ikkje om den drepne gjorde motstand då han angrep han med kniven.

Men han vedgår også sjølv at han er i stand til å drepe igjen, dersom han ikkje får hjelp for dei psykiske lidingane han har.

– Men om eg blir frisk vil det ikkje skje igjen, forklarar han.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen