Hopp til innhold

Draumesommar for is-produsentar

I sommarvarmen et nordmenn is som aldri før og 2014 ligg an til å bli eit rekordår for is-produsentar. – Salet er heilt eventyrleg, seier dagleg leiar i Isbjørn Is.

Salgsrekord for iskrem for iskrempordusenten Isbjørn is på Askøy i Hordaland.

KRON-IS: Produksjon og sal av mellom anna kron-is går over all forventing hos Isbjørnen is på Askøy i Hordaland.

I produksjonslokalet til Isbjørn Is på Askøy i Hordaland går produksjonsmaskinane for fullt. 10.000 kron-is blir produsert i timen og i løpet av eit skift blir det produsert rundt 70.000.

– Kronis med sjokolade er eit av våre desidert største produkt, seier dagleg leiar Stein Ove Jordal i Isbjørn is.

Rekord hos fleire norske is-produsentar

Stein Ove Jordal

– FANTASTISK: Dagleg leiar Stein Ove Jordal i Isbjørn Is synest det er fantastisk kjekt å selja iskrem for tida.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Det blir produsert, pakka og seld i rekordfart. Hittil i år har Isbjørn Is seld 30 millionar enkelt-is, noko so er 40 prosent meir enn på same tid i fjor, og rundt 20 prosent meir enn sist dei sette salsrekord.

– Salet er jo heilt eventyrleg. Så langt i år ligg me 40 prosent føre budsjetta me har sett oss, forklarer Jordal.

– Kva er grunnen til det gode salet?

– Det er delvis på grunn av eit fantastisk vêr hittil i år, og så er det delvis det at kundane våre er flinke til å promotera varene våre, seier Stein Ove Jordal.

Også andre is-produsentar i Noreg ligg an til å få rekordsal i år. Ifølgje Finansavisen opplevde Diplom-Is rekordsal i fjor sommar, ein rekord som ligg an til å bli slått i år. Henning-Olsen ligg også føre fjorårets sal, og begge dei store isprodusentane har hatt 10 prosent vekst første halvår i år samanlikna med i fjor.

– Vanskeleg å planlegga slikt vêr

Produksjon av pinne-is

PINNEIS: Produksjonen av pinneis går for fullt i produksjonslokalet til Isbjørn Is på Askøy.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Isbjørn Is på Askøy selde i fjor 39 millionar enkelt-is og reknar i år med å selja 50 millionar. Denne veksten er viktig, understrekar dagleg leiar.

– Det er viktig for oss både på kort og lang sikt. Det er viktig for arbeidsplassane, det er viktig for moglege investeringar me kan gjera, og det er viktig for framtida, forklarer Jordal.

Saman med dei andre tilsette på Isbjørn Is kosar han seg på jobb i desse dagar.

– Det sånn som me håpar på kvar einaste år, men det er vanskeleg å planlegga så fantastisk vêr. Me har nokre gode år og nokre mindre gode år. Desse fantastiske dagane som dette her er det fantastisk gøy å selja iskrem, smiler dagleg leiar på Isbjørn Is.

LES OGSÅ: Slik kan du stå imot fristelsene i sommer