– Vinterferien kan ikkje samanliknast med tidlegare år. Det er lenge sidan eg har sett så lite folk i fjellet, seier Jan Guttorm Skeie.
Han er dagleg leiar i Furedalen alpin på Kvamskogen. Skeie estimerer at inntektene i vinterferien vanlegvis står for 20 prosent av årsomsetjinga ved skianlegget.
Det er langt frå tilfellet denne sesongen.
– Det verka som at ferien var over etter påskehelga, seier Skeie.
LES OGSÅ:
Tretti prosent nedgang i alpinbakken
Dagleg leiar John Olav Norheim i Myrkdalen fjellheisar seier årets vinterferie ikkje kan samanliknast med besøkstala frå tidlegare år.
– I fjor hadde me kring 14.000 skigjester i vinterferien, som i tillegg var ei uvanleg dårleg vêrveke. I år var talet 10.000, seier Norheim.
Det svarar til ein nedgang på om lag tretti prosent. Det svir i pengekassen til alpinnæringa, som i år fekk to av tre inntektstoppar slegne saman.
– Tretti prosent er mykje. Toppunkta i sesongen er jul, påske og vinterferien. Når sistnemnde blir lagt så seint til sesongen, påverkar det oss, seier Norheim.
NHO er kritisk
Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv er kritisk til ferieavviklinga. Tapte inntekter for alpinanlegga og to samanhengande veker med lågare aktivitet, kling ikkje godt hjå arbeidsgjevarorganisasjonen.
LES OGSÅ:
– Når ferieavviklinga fører til negative ringverknader for skinæringa, håpar eg andre kommunar tenkjer seg om to gonger før dei følgjer i Bergen sine spor, seier Salthella.
Andre kommunar vurderer superferie
Fleire kommunar i Noreg har nemleg vurdert feriesamanslåing. Som einaste by i Noreg slo Bergen kommune saman feriane dette året. Til Fædrelandsvennen omtala politikar Mette F Roth (H) bergensløysinga som interessant.
– Vinter- og påskeferien kjem med berre to-tre vekers mellomrom, så samanslåing må vera bra, sa Roth
Stortingsrepresentant Marianne Aasen (Ap) uttalte til NRK i februar at vinterferien er gamaldags og bør bytast ut med meir
Bergen kommune evaluerer ikkje
Trass i at andre kommunar vurderer ei slik ordning avviser kommunaldirektør for barnehage, skule og idrett i Bergen kommune, Anne Marit Presterud, at kommunen vil evaluera ordninga.
Allereie neste år planlegg kommunen å leggja vinterferien til den meir tradisjonelle veka i slutten av februar.
– Det er mange år til neste gong påsken kjem så tidleg, seier Presterud, som poengterer at målet var å få eit mest mogleg samanhengande undervisingsår.
Utdanningsforbundet kjem heller ikkje til å evaluera ordninga.
Etter to veker ferie er forbundsleiar i Hordaland, Bente Ingeborg Myrtveit, framleis ikkje oppglødd over tanken på ein ny superferie.
– Me har vore ganske klare på at me ikkje er så begeistra. Den konklusjonen har ikkje endra seg etter ferien.
LES OGSÅ: