Hopp til innhold

Drapssikta 32-åring enno ikkje ferdig avhøyrt

Mannen som er sikta for å ha drepe Monika Sviglinskaja (8) er ikkje ferdig avhøyrt av politiet. – Han ønsker å forklare seg. Men når det blir aktuelt, veit eg ikkje, seier mannens forsvarar Fredrik Verling.

Fengslingsmøte og Fredrik Verling

FRAMLEIS I VARETEKT: Mannen som er sikta for drapet på Monika Sviglinskaja (8), er enno ikkje ferdig med å forklare seg til politiet. Mannens forsvarar Fredrik Verling (til høgre) seier det er usikkert når avhøyra kan halde fram.

Foto: Amundsen, Paul Sigve / NTB Scanpix

32-åringen som er sikta for å ha drepe åtte år gamle Monika Sviglinskaja sit framleis i varetekt, men kan ikkje stille til vidare avhøyr hos politiet enda, opplyser forsvarar Fredrik Verling.

– At ein ventar på at tida skal bli klar til at han kan forklare seg er riktig. Han har stilt opp heile vegen og forklart seg i ei kvar samanheng. Men akkurat no er det ikkje hensiktsmessig, og då har det måtte vente litt. Kor tid det blir aktuelt veit eg ikkje.

Den sikta 32-åringen blei to dagar etter pågripinga innlagt til psykiatrisk observasjon ved Sandviken sjukehus i Bergen. Verling vil ikkje svare på om mannen er ute av sjukehuset.

– Det er ikkje i hans interesse at eg melder til offentlegheita til ei kvar tid kvar han oppheld seg. Så det vil eg ikkje kommentere.

LES OGSÅ: Riksadvokaten vil granske Monika-saken

– Framleis i varetekt

Mannen som er sikta for drapet var ein kort periode sambuar med mora til Monika, og budde i familiens sokkelleilegheita i Sund på Sotra i Hordaland. 14. november 2011, nokre veker etter at han flytta ut, blei åtteåringen funne død i leilegheita.

Åtte år gammel jente funnet død

SUND: Monika (8) blei funnen død heime på Sund i 2011.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

32-åringen har ikkje erkjent straffskuld.

– Han er framleis i varetekt, og på betringas veg. Det å bli pågripen og sikta i saka var ei stor påkjenning for han. So no handlar det om å samle litt krefter, seier Verling.

– Det er jo openbart i hans interesse at han forklarar seg. Det veit han, og ønsker det.

LES OGSÅ: Viktig videoopptak skal ha forsvunnet