Tre menn vart denne veka sikta i samband med Lindås- og Åsane-drapet.
kom etter at politiet gjennopptok etterforskinga etter å ha fått nye opplysningar om drapa.
Det skal vere opplysningar Olsen har gjeve om det kriminelle miljøet i Åsane i ei rekkje avhøyr, som er bakgrunnen for at saka no er gjenoppteken.
Drapstruga tidlegare
Olsen vart for tre år sidan dømd til 21 år i fengsel for Åsane-drapet. Han har fleire gonger tidlegare måtte bytte fengsel etter drapstrugsmål.
Trondheim fengsel, der Jarle Olsen sonar 21 år. Foto: NRK
- Lekkasjane om Olsen si rolle i gjennopptakinga av dei to drapssakene skapar ein umogeleg soningssituasjon for han, seier advokaten hans Helge Wesenberg.
- Jarle Olsen stadfester at han har hatt samtalar med politiet. Men han oppfattar seg ikkje som hovudkjelda, sier Wesenberg.
Olsen sonar domen på 21 år i Trondheim fengsel. Wesenberg vurderar no å be om tryggingstiltak for Olsen i fengselet.