Hopp til innhold

Dramatisk svikt i billettinntektene

Fylkeskommunen har selt billettar for 58 millionar kroner mindre enn venta. – Me skal ikkje sjå vekk ifrå at høgare takstar er ein del av grunnen, seier fylkesrådmannen.

bybane og buss

INNTEKTSSVIKT: Hordaland fylkeskommune har bomma grovt på anslaga for billettinntekter. Frå januar til april er inntektssvikten på 58 millionar kroner.

Foto: Runa Victoria Engen

Video Skyss sliter med billettsystemet sitt

ENDRA BETALINGSVANAR: Færre enn tidlegare kjøper enkeltbillettar, medan fleire vel månadskort. Det fører til lågare inntekter per reisande.

Foto: Nyhetsspiller

I løpet av dei fire første månadane i 2015 har Hordaland fylkeskommune sitt kollektivselskap Skyss selt billettar for 58 millionar kroner mindre enn budsjettert.

Det skjer etter at fylkespolitikarane frå 1. februar skrudde opp billettprisane.

Lågare vekst i talet på reisande, at fleire vel månadskort i staden for dyrare enkeltbillettar, og at for mange ikkje betalar for seg, er dei mest nærliggande årsakene ifølgje fylkesrådmann Rune Haugsdal.

  • LES OG: Vil ha færre kontrollar på Bybanen

    Rune Haugsdal

    REISETALA STAGNERER: Fylkesrådmann Rune Haugsdal forklarar delar av svikten med at passasjerveksten har vore lågare enn venta.

    Foto: Sølve Rydland / NRK

Mindre vekst enn venta

– Det er mange mogelege forklaringar, men først og fremst ser me at veks ten i talet på reisande er mindre enn me hadde rekna med, seier Haugsdal til NRK.

Korleis spelar det inn her at ein skrudde opp billettprisane frå og med første februar?

– Me skal ikkje sjå vekk ifrå at høgare takstar er ein del av grunnen til at me ikkje har sett den passasjerveksten som me venta, seier fylkesrådmannen.

Frå 1. februar kostar det 35 kroner for billettar kjøpt på førehand, og 50 kroner for billettar kjøpt om bord i bussen.

Skuldar på sniking

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen har ikkje tru på at utflatinga i talet på reisande skuldast høgare prisar tre av dei fire første månadane i 2015.

Tom-Christer Nilsen

ALVORLEG: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen ser alvorleg på svikten i billettinntekter.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg ser sjølvsagt alvorleg på dette. Men sidan me justerte takstane i løpet av denne perioden, trur eg ikkje det forklarar dette. Eg trur heller at me vil sjå at inntektene går opp på sikt grunna dei nye takstane, seier fylkesordføraren.

Han ønskjer heller å appellera til at alle som tar bussen eller Bybanen faktisk betalar for seg.

– Me ser at det er ein del sniking. Om det skal gå buss er det viktig at folk faktisk betalar. Samtidig ser me at fleire vel månadskort, noko som er positivt for drifta, men negativt for inntektene våre, seier Nilsen.

– Skuldast feilslått politikk

Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun reagerer på at fylkesordføraren legg vekt på sniking.

Anne Gine Hestetun

KRITISK: Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg vert overraska over argumentasjonen til fylkesordføraren. Det er klart at når prisane går så kraftig opp er det ikkje overraskande at folk vel andre måtar på å komma seg fram, seier Hestetun.

Ho meiner takstauken har vore feilslått.

– Målet vårt er at fleire skal reisa med buss og bane. Då er denne takstauken heilt feil veg å gå. Det er klart folk skal betala for seg, men denne inntektssvikten skuldast ikkje at folk snik, seier fylkesordførarkandidaten.

– Ikkje urimeleg dyrt

Fylkesrådmannen er ikkje einig i at billettprisane er urimeleg høge.

– Når ein samanliknar med andre reisemåtar er det ikkje dyrt å ta buss eller bane, men det kan sjølvsagt ta litt tid før dei reisande vert vande med dei nye prisane, seier Rune Haugsdal.