NRK Meny
Normal

Drama på ekte berre timar før framsyning

Ei av hovudrollene i Bergen Musikkteater si oppsetjing av «Jul i Blåfjell» måtte søndag trekke seg kort tid før teaterframsyninga på grunn av sjukdom.

Hanne Mellingen og Lykke Kristine Moen etter Jul i Blåfjell-framsyninga

LYKKE-LEG SLUTT: Hanne Mellingen mista stemma si og kunne ikkje spele hovudrolla som «Turte» i «Jul i Blåfjell». På kort varsel steppa Lykke Kristine Moen (til høgre) inn. – Det er vel dette som kallast ekstrem teatersport, ler Moen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Søndag var alt klart for Bergen Musikkteater si siste framsyning av «Jul i Blåfjell» i Fana kulturhus. Det vil seie, nesten alt klart. For berre eit par timar før sceneteppet skulle gå opp, måtte innehavaren av hovudrolla «Turte», Hanne Mellingen, melde pass.

Ho hadde nemleg mista stemma si.

– Det var veldig synd. Hanne har gjort ein fantastisk jobb under framsyningane til no, seier produsent Grethe Michelsen til NRK etter framsyninga søndag.

– Vi har alltid planar i bakhand

Jul i Blåfjell i Fana kulturhus

«Jul i Blåfjell», her frå søndagens framsyning i Fana kulturhus i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Bergen Musikkteater si oppsetjing av «Jul i Blåfjell» har vore veldig populær. Totalt har det vore åtte framsyningar. Det byrja med fire i Arna før dei no avslutta med to fulle hus i Fana laurdag og sundag.

Men under prøvane laurdag, merka hovudrolleinnehavaren at noko ikkje var heilt som det skal. Mellingen gjennomførte likevel framsyninga laurdag, men søndag var det stopp. Stemma hennar var heilt borte.

– Det er stort steg å sei nei, både fordi ein har hovudrolla i stykket, men også fordi ein veit at det fører til at alle må jobba litt ekstra. Så dette var veldig proft av Hanne, skryt produsenten som seier ho likevel hadde is i magen.

– Vi har alltid planar i bakhand. Og denne gongen løyste vi dette ved å spørje Lykke. Det gjekk veldig bra.

Spelte rolla i 2005

Skodespelar Lykke Kristine Moen skulle eigentleg ha ei av dei andre blånisserollene.

– Då dei spurte om eg kunne gjere rolla som «Turte» sa eg ja. Det er vel dette som kallast ekstrem teatersport, ler Moen.

Ho legg til at å avlysa teaterframsyningar nesten alltid er heilt uaktuelt, spesielt når framsyninga er for born. Moen har sjølv spelt «Jul i Blåfjell» før, i Grieghallen tilbake i 2005.

– Dei andre gjorde det lett

Men det byrjar å bli nokre år sidan og i stykket er det mange replikkar å hugse på.

– Eg har blitt god til å memorere tekst og song. Men det er alltid litt skummelt og akkurat framsyninga huskar eg lite av no. Hjernen har jobba på høggir sidan klokka 10.00 i dag tidleg.

Før framsyninga starta vart publikum informert om at det på kort varsel var endringar i rollelistene.

– Det skal ein alltid gjere, men det er fascinerande fordi då blir publikum liksom med på laget. Og framsyninga gjekk bra, for dei andre skodespelarane var veldig gode. Dei gjorde det difor enkelt for meg, skryt 26-åringen.

Heilt utseld – meir teater neste år

Ho fortel at det ikkje er lett for ein skodespelar å seie nei når ein har hovudrolla i eit teaterstykke.

– Eg og Hanne er ganske like og vi veit godt korleis det er for den andre å seie nei til å opptre og omvendt. Hadde Hanne sagt ja, kunne ho ha øydelagd seg heilt. Det er ganske godt gjort å lytte til kroppen sin.

Det var altså fulle hus i Fana denne helga. Produsent Grete Michelsen kan avsløre godt nytt for dei som ikkje fekk plassar.

– Vi har fått speletillating også til neste år, så då blir det ein ny runde med «Jul i Blåfjell», som har vore så populært. Det er me veldig glade for, avsluttar Michelsen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.