Hopp til innhold

Drama i Bergen Frp – diskuterte mistillit mot gruppeleiaren

BERGEN (NRK): Fleirtalet i gruppestyret i Bergen Frp ynskjer å kaste Tor A. Woldseth som gruppeleiar.

Tor A.Woldseth, gruppeleiar for Bergen Frp

PÅ VEG TIL MØTET: Tor A Woldseth er gruppeleiar i bystyret i Bergen for Frp.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det kom fram på eit ekstraordinært møte i kveld. Eit forslag om mistillit blei utsett til eit ordinært gruppemøte 7. mars.

Like før klokka 18 hasta ein travel gruppeleiar inn på møtet i sentrum av Bergen. Nokre av deltakarane kalla det heile for eit strategimøte, andre brukte ordet mistillit om møte.

– Det som skal diskuterast her er litt rundt bystyregruppa sitt indre, sa Tor A. Woldseth til NRK, i det han forsvann inn døra.

Han bekrefta elles at det ikkje var han som hadde kalla inn til møtet.

Sterk kritikk

Ingen i Bergen Frp har til no villa snakka ope om kritikken mot Woldseth. Men kjelder i partiet seier til NRK at Woldseth i lengre tid har vore nedsettande og drive med det dei karakteriserer som mobbing av medlemmer i partiet.

Dei fortel at det er konkrete hendingar den seinare tida som er utløysande for at fleirtalet no opnar for å byta ut gruppeleiaren. Det vert og reagert på korleis Woldseth opptrer når han representerer Bergen internt i Framstegspartiet, og at han skadar tilhøvet til potensielle samarbeidsparti.

Møtet i kveld varte i nærare to timar.

– Vi har mellom anna diskutert strategiar fram mot valet var kommentaren frå leiar Christoffer Thomsen i Bergen Frp då han gjekk frå møtet.

– Eg veit ikkje om det blir mistillit. Det skal diskuterast fram mot det ordinære møtet i gruppestyret 7. mars, sa Tor A. Woldseth på veg ut frå møtet.

Frp møte bak lukkede dører

BAK LUKKA DØRER: Svært få visste om Frp-møtet i kveld.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Varaordførar i fire år

Woldseth var varaordførar i Bergen frå 2011 til 2015, og måtte også trø til som fungerande ordførar i vestlandshovudstaden då Drevland-saka byrja å rulla i 2015.

I desember vann 66-åringen eit svært jamt nominasjonsmøte i Bergen Frp.

Det var den mangeårige stortingsrepresentanten Gjermund Hagesæther (57) som måtte gi tapt mot Woldseth.

Sistnemnde har sterkt støtte hjå dei eldre i partiet, medan nominasjonskomiteen ønska seg nye krefter på topp. Difor var også Hagesæther nominert som førstekandidat før møtet.

– Bergen Frp har hatt ei negativ kurve dei siste sju åra, når Woldseth har vore gruppeleiar for bystyregruppa. Vi ønskjer difor nye folk og nye idear, sa leiar i nominasjonskomiteen, Eiler Macody Lund, til NRK før nominasjonsmøtet.

Hagesæter og Woldseth etter avstemning

DRAMATISK KAMP: På nominasjonsmøtet i desember vart Tor A. Woldseth vald til Frp sin førstekandidat til kommunevalet etter ein hard kamp med Gjermund Hagesæther.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Dramatisk

Eit stort spørsmål no er kva Bergen Frp gjer med nominasjonslista framfor årets val.

At ein nyvald toppkandidat kan bli kasta frå vervet som gruppeleiar i bystyret er svært dramatisk og uvanleg.

Spesielt er det og at det skjer like før ein knalltøff valkamp i Noregs nest største by.

Kontroversiell

Nokon vil kalle Tor A. Woldseth for kontroversiell. Andre meiner han er eit friskt pust. I fleire saker har 66-åringen hamna i heftige diskusjonar med andre politikarar i Bergen.

Før valet for fire år sidan hamna Woldseth og noverande utviklingsminister, Dag Inge Ulstein frå KrF, i ein heftig diskusjon rundt utbygginga av bybanen i Bergen.

Ein annan gong hamna dei same to i ein diskusjon om eit kritisk bilete Woldseth, som fungerande ordførar, la ut i samband med ein demonstrasjon til støtte for syriske flyktningar.

No blir det opp til det ordinære gruppemøtet i Bergen Frp å ta stilling til Tor A. Woldseth sin vidare skjebne.

Fungerende ordfører Tor Woldseth forsvarer publisering av omstridt Facebook-bilde, til tross for massiv kritikk fra blant andre KrFs Dag Inge Ulstein. Senere har Woldseth beklaget delingen av bildet.

I HEFTIG DEBATT: Fungerande ordførar Tor A. Woldseth forsvarer publisering av eit omstridt Facebook-bilete, trass i massiv kritikk frå blant andre Dag Inge Ulstein i KrF. Seinare beklaga Woldseth delinga av bilete.