NRK Meny
Normal

– Døydde av drukning

Den førebelse obduksjonsrapporten av mannen som vart funne død i Bømlo førre veke er klar.

Bårebil på Bømlo

OBDUKSJONSRAPPORTEN KLAR: Mannen som vart funne død i Børøyfjorden i Bømlo tysdag førre veke, døydde av drukning. Mannen vart henta opp i Håvik.

Foto: Geir Einarsen

Rapporten som politiet på Stord har fått av Gades Institutt i Bergen syner at mannen som vart funne død i ei vik i Børøyfjorden tysdag, døydde av drukning. Det skriv Haugesunds Avis.

Mannen vart oppdaga då ein hund stod aleine i ein seglbåt like ved og gjødde høglydt. Den omkomne er framleis ikkje identifisert, men Kripos si ID-gruppe har vore i kontakt med familien til den som kan vere den avdøde.

Har henta DNA

Dette for å få tak i DNA som kan vera med å identifisera den omkomne mannen.

– Familien er såleis informert om at det er stor sannsynlegheit for at det er denne mannen som er død, men dei har ikkje motteke noko formelt dødsbodskap enno, seier politiførstebetjent Egil Espeland ved Stord lensmannskontor til avisa.

Funnet av mannen vart raskt knytt til ein tyskregistrert bil med båthengar som stod parkert på Bjelland på Stord. Også seglbåten var registrert i Tyskland. Hunden vart tatt hand om og plassert på kennel.

Politiet reknar med dei har avklart identiteten til den omkomne i løpet av kort tid.

Laster kart, vennligst vent...

Båten og mannen vart funne i sjøen ved Litla Ulvesøya, nordvest i Børøyfjorden.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik