NRK Meny
Normal

Døve Siv sende verdsstjerna av scena

Høyrselshemma barn fekk oppleve å ha eit heilt kammerorkester mellom hendene då dei vart med på øving med den verdskjente pianisten Leif Ove Andsnes.

Høyrselshemma barn fekk oppleve å ha eit heilt kammerorkester mellom hendene då dei vart med på øving med den verdskjente pianisten Leif Ove Andsnes.

SJÅ VIDEO: Siv Kyrkjebø og dei andre borna frå Hunstad skole for høyrselshemma fekk i dag prøva seg som dirigentar då dei vitja prøvene til Leif Ove Andsnes. Reporter: Mikal Olsen Lerøen | Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

Leif Ove Andsnes

FEKK BESØK: Pianisten Leif Ove Andsnes fekk besøk av barn frå Hunstad skole for høyrselshemma på øving i dag.

Foto: Kenneth Kumar Heggen Bahl / NRK

I kveld framfører pianisten festspelstykket "The Beethoven Journey III" saman med det anerkjende Mahler Chamber Orchestra og Det Norske Solistkor.

Dagen har gått med til øving og førebuingar til framføringa. Ikkje unormalt det, men det var likevel noko heilt spesielt med dagens prøvar.

For Andsnes og musikarane fekk eit heilt spesielt besøk av elevar frå Hunstad skole for høyrselshemma.

– Dei opplever noko

Medan vakre tonar og melodiar strøymde ut frå orkesteret, fekk barna sitje mellom musikarane og kjenne på både vibrasjonane og på instrumenta.

– Det som er heilt klart for meg er at desse høyrselshemma borna opplever noko, seier Andsnes til NRK etter øvinga.

Siv Kyrkjebø var eit av barna som i dag fekk oppleva eit heilt orkester.

– Det er morosamt å høyre kva dei brukar av instrument og å kjenne og føle på musikk.

Fekk dirigera orkesteret

Men elevane var ikkje nøgd med å berre føle på musikken. Dei ville ha Andsnes sin plass på podiet.

  • Sjå korleis det gjekk i videoen øvst i saka!

Og sjefen sjølv var imponert over dei unge dirigentspirene.

– Det var nokre som hadde heilt fantastiske hender. Og så prøvde dei seg fram, prøvde nye ting og dei fekk respons frå musikarane.

Og når ein har opplevd å ha eit heilt kammerorkester mellom hendene, så var det liten tvil om at Siv skal på kveldens store konsert i Bergen.

– Då skal også mamma vere med og sjå på.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Lervik
Forsvaret detonerte håndgranaten som onsdag ble funnet på parkeringsplassen ved legevakten.