NRK Meny
Normal

Dottera på 10 var i huset

Den ti år gamle dottera og ei jamnaldrande vennine var tilstades i huset då den 37 år gamle kvinna på Hylkje i Åsane vart drepen med kniv torsdag ettermiddag.

 

Steinestøveien i Åsane
Foto: Øystein Solvang / NRK

Det fortel Politiinspektør Svein Erik Krogvold.

-Eg kan stadfesta at det var to 10 år gamle jenter i huset, fortel han til NRK.

Begge skal ha fått hjelp etter tragedien og skal vera hjå nær familie.

-Ikkje i stand til å la seg avhøyra

34-åringen som er sikta for å ha teke livet av kvinna er enno ikkje i stand til å la seg avhøyra av politiet.

Det seier forsvarsadvokaten til mannen, Edvard Bakke.

I dag vert den 37 år gamle mannen framstilt for varetektsfengsling. Han er sikta for lekamsskading med døden til følge, men på rettsmøtet som finn stad i Bergen Tingrett klokka 11 i dag vil siktinga truleg verta endra, etter det NRK kjenner til. 

Staff forsvarar den sikta

Advokaten til den sikta 34-åringen reiste i går kveld tilbake til Oslo. Det er advoktat Trygve Staff som skal representera mannen på fengslingsmøtet i Bergen Tingrett.