Hopp til innhold

Dørvakta greip inn i slagsmål og blei ufør – får ikkje erstatning

BEKKJARVIK (NRK): Forsikringsselskapet og tingretten meiner dørvakta sjølv valde å gå inn i slåstkampen og difor ikkje har krav på erstatning. Fagforbund kallar dommen farleg.

Hugo Rojas Roldan, tidligere dørvakt i Austevoll

FEKK AVSLAG: Hugo Rojas Roldan blei uføretrygda etter å ha stoppa eit slagsmål ved ein utestad, men får ikkje yrkesskadeerstatning.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Om dottera mi er ute på byen, forventar eg at ein dørvakt beskyttar henne om nokon hoppar på henne. Når eg er på jobb, må eg gjera det same.

Hugo Rojas Roldan var nattevakt då det oppstod ein slåstkamp utanfor Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll i august 2014.

Til saman var sju personar involverte i det som skal ha vore eit angrep på éin mann.

– Eg såg berre eit par bein på bakken og eit blodig andlet. Rundt stod fem personar som gav både spark og slag, fortel den tidlegare dørvakta.

Politiet kom etter ein halvtime

Offeret blei ifølge Roldan sparka i hovudet og slått med knyttneve medan han låg medvitslaus på asfalten. Politiet kom til staden først ein halvtime seinare. I mellomtida valde vakta å gripa inn.

– Eg oppfatta situasjonen som livstrugande og forsøkte først å få gjerningspersonane unna. Då det ikkje hjelpte, gjekk eg inn fysisk for å halda mennene borte, fortel Roldan.

Opptrinnet varte i om lag ein halvtime. Roldan fortel at dei ulike gjerningspersonane kom tilbake fleire gongar.

Roldan delte ut ein olboge, to slag og ein kvelningsmanøver mot til saman fire personar. Han meiner det avverja situasjonen.

– Eg brukte eit minimum av vald for å verna om mannen som låg nede.

Til gjengjeld fekk han fleire slag og spark mot bakhovudet, i ryggen og venstre arm. Han fekk godkjend seinskadane som yrkesskade hos Nav og har nyleg fått innvilga uføretrygd.

Hugo Rojas Roldan, tidl nattevakt på Austevoll

SEINSKADAR: Hendinga for over fire år sidan har endra kvardagen til Roldan. – Eg kastar opp tre-fire gongar i løpet av ein dag og har fått svekka smak- og luktesans.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Offeret: – Redda truleg livet mitt

Men Gjensidige, arbeidsgjevaren sitt forsikringsselskap, avviste i 2015 søknaden om yrkesskadeerstatning. Selskapet viser til at andre vitne fortel om ein mindre alvorleg situasjon enn det Roldan skildrar.

Gjensidige meiner også at Roldan sjølv kunne ha avverja utfallet ved å ikkje delta i slagsmålet, eller ved å ta den fornærma mannen bort frå situasjonen.

– Eg hadde fått eit spark mot eine armen og klarte ikkje løfta mannen. Dessutan frykta eg at han hadde fått nakkeskadar. Skulle eg ha dratt ein medvitslaus mann bortetter asfalten? spør svensk-chilenaren retorisk.

– Eg var ordensvakt med ansvar for området og stod der uniformert. Slik eg vurderte det, risikerte eg å bli sikta for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand om eg ikkje greip inn.

Mannen som blei utsett for valden, melde aldri forholdet til politiet. Han ønskjer ikkje å stilla til intervju, men seier til NRK at han takka Roldan i etterkant.

– Eg hadde nok ikkje overlevd viss ikkje han kom til.

Kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll

INGEN KOMMENTAR: Kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige ønskjer ikkje å kommentera saka før det ligg føre ei rettsavgjerd etter klagesaka.

Foto: Gjensidige / Gjensidige

Roldan melde valden til politiet, men saka blei lagt bort. I dag har mannen som blei angripen, ingen varige skader etter episoden.

– Det kan eg nok takka Hugo for. Eg synest det er vondt at han har slite så mykje i etterkant.

Fekk avslag

I april i fjor tok den mangeårige nattevakta ut stemning mot selskapet.

Men ved å bruka vald i arbeidstida kryssa han grensa frå å vera «i arbeid» til å opptre i sin «private sfære», konkluderte Gjensidige.

Bergen tingrett kom til same slutning som forsikringsselskapet: Roldan hadde gått ut av rolla som arbeidstakar og inn i privatsfæren ved aktivt å delta i slåstkampen.

  • Etter rettens vurdering påverka Roldan utviklinga av slåstkampen.
  • Hans bakgrunn frå kampsport medverka til at han aktivt deltok i slåstkampen. Målet var ikkje berre å verna mannen mot nye spark eller slag, men å avslutta slåstkampen heilt, meiner Bergen tingrett.
  • Episoden var ifølge andre vitne på staden ikkje så alvorleg som det Roldan skildra.

Det fanst ingen skriftlege arbeidsinstruksar, men Roldan meiner avtalen med arbeidsgjevar var tydeleg: Han verna om både arbeidsgjevaren sin og mannen som låg på bakken ved å gripa inn i slåstkampen.

Hugo Rojas Roldan

PRINSIPIELL: Roldan meiner saka er prinsipiell og vil anka saka så langt han kan. – Skal me gå rundt som vandrande vitne, eller skal me gripa inn for å hindra vald?

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fagforeining: – Ein skremmande dom

Dommen er anka inn for Gulating lagmannsrett, og Gjensidige ynskjer difor ikkje å seia meir om saka. Kommunikasjonssjef Arne Voll viser til dommen i Bergen tingrett.

– Det er vanskeleg for Gjensidige å kommentera ei sak som skal opp for domstolane, og me vil difor venta til det ligg føre ei rettskraftig avgjerd i saka, seier Voll.

Djevat Hisenaj, leiar i hotell- og restuarantavdelinga i Fellesforbundet i Hordaland, meiner tingrettsdommen vil vera skadeleg for utelivsbransjen dersom han blir ståande.

Djevat Hisenaj, leiar for hotell- og restuarantavdelinga i Fellesforbundet i Hordaland

FAGFOREININGSLEIAR: Djevat Hisenaj er leiar for hotell- og restuarantavdelinga i Fellesforbundet i Hordaland

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det er i så fall skremmande for heile bransjen. Han kan få stor betydning, ikkje berre for dørvaktar, men også for til dømes bartenderar som er åleine på jobb.

No fryktar bransjeforeininga at ordensvaktar i restaurant- og utelivsbransjen ikkje vil tora å hindra valdsbruk i frykt for å stå utan krav på erstatning.

– Om eg sjølv hadde vore vakt, hadde eg aldri tore å gripa inn etter denne dommen.

I tingretten forklarte eigaren av utestaden i Bekkjarvik at det ikkje låg noko forventing om at nattevakta skulle forsøka å stansa valdshandlingar fysisk. Samstundes meinte han at Roldan sin inngripen hadde vore viktig for valdsofferet.

Eigaren ønskjer ikkje kommentera saka overfor NRK.