Hopp til innhold

– Eg er veldig skuffa

Dei har laga vindauge og dører i 67 år. Torsdag var det slutt for Lyssand treindustri på Os, for produksjonen skal flyttast til Sverige.

Det vart eit bittert og vemodig farvel for arbeidarane som i dag hadde siste arbeidsdag på Lyssand på Os. Over 50 av dei tilsette har ingen ny jobb å gå til når vindauge- og dørprodusenten no legge ned.

Dagfinn Mjånes er skuffa over Lyssand no legg ned fabrikken på Os.

Eit tungt farvel med kvarandre. Torsdag gjekk over femti kollegaer ut i ferie, utan å ha ein jobb å komme attende til.

– Eg trur det blir veldig tøft å gå ut døra her i dag, eg har jo gått inn og ut her i 35 år, seier Agnar Midtsæter.

Han er ikkje åleine om å ha jobba lenge på Lyssand treindustri. Mange av dei tilsette har jobba på fabrikken i mange tiår.

– Veldig skuffa

Dagfinn Mjånes som har jobba på fabrikken i 38 år

Dagfinn Mjånes er svært skuffa over at fabrikken han har jobba på i 38 år no blir lagt ned.

Foto: Mette Anthun / NRK

Dagfinn Mjånes fortel om fullt opp med ordrar heile våren, og om tilsette som har stått på til siste dag. Han er svært skuffa over at eigarane vel å leggje ned.

– Eg er veldig skuffa, det er eg. Etter 38 år, seier Dagfinn Mjånes.

Han blir på gråten når NRK snakkar med han.

– Ja, det er tøft, seier han.

– Startar heilt på nytt

Me startar heilt på nytt, og det er jo tøft. Me er jo gamle, me er over 50 år, men me er jo den beste arbeidskrafta.

Evelyn Opsal

Av dei ti tilsette NRK spør, så har ingen fått ny jobb, og tillitsvalt trur det blir vanskeleg for dei å finne nye jobbar i heimkommunen.

– Eg trur det blir tøft for mange, for i Os kommune er det ikkje mange jobbar å hente no, seier Dagfinn Mjånes.

Evelyn Opsal har jobba på fabrikken i 17 år, og ho er fortvila over at ho no står utan jobb.

– Me startar heilt på nytt, og det er jo tøft. Me er jo gamle, me er over 50 år, men me er jo den beste arbeidskrafta, seier ho.

Margrethe Hjartåker som har jobba på fabrikken i 27 år er einig med kollega Opsal.

– Eg hadde aldri trudd at eg no skulle byrje å søkje jobb, seier Hjartåker.

Artikkelen fortset under bilete.

Ingen av dei ti NRK spør har fått ny jobb

Ingen av dei ti som i dag hadde sein siste dag på fabrikken på Os har fått ny jobb.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Nøydde til å ta grep

Øyvind Birkeland som er fabrikksjef på Lyssand på Os

Øyvind Birkeland seier dei var nøydde til å ta grep, og måtte legge ned fabrikken på Os.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Eigarane av Lyssand meiner nedlegginga av fabrikken på Os ikkje var til å unngå.

– Slik me ser tala, så tykkjer me ikkje at dei har vore gode dei siste åra, og me har vore nøydde til å gjere grep, seier Øyvind Birkeland som er fabrikksjef.

– Eg forstår at viss ein ser på ein spesifikk ting, så verkar dette veldig urimeleg, men ser ein på totalrekneskapen, så var det naudsynt å ta grep, legg han til.

Men, for dei tilsette er det likevel ein tung dag.

– Dei er ikkje opptatt av kva me klarar å produsere, dei er berre opptatt av tala, seier, Dagfinn Mjånes.