Hopp til innhold

– Eg tenkjer ikkje på at det ikkje er mitt hjarte

Kvart år dør over 30 pasientar medan dei ventar på nye organ. For 17 år gamle Markus Opsahl-Engen kom sjukdommen brått, og eit nytt hjarte blei redninga.

Markus Opsahl-Engen og Mathias Opsahl-Engen

REDDA AV DONOR: 17 år gamle Markus Opsahl-Engen (til høyre) blei redda av eit nytt hjarte i 2013. Her er han på ferie i Spania med broren Mathias i fjor sommar.

Foto: Privat

– Når du får beskjed om at du må ha eit nytt hjarte, så føler du deg veldig hjelpelaus. Du blir glad for den minste ting. Berre det å orke å stå opp og gjere daglege ting blir ein siger i seg sjølv, seier Markus Opsahl-Engen.

Markus Opsahl-Engen på sykehus

PÅ SYKEHUS: Her ligg Markus på sjukesenga etter operasjonen der han fekk eit nytt hjarte.

Foto: Privat

Som 15-åring fekk han eit virus, truleg kyssesjuka, som spreidde seg til hjarta. Det førte til hjartestans, og Marius låg to månader i kunstig koma. Han vakna opp med hjartepumpe, men det var ikkje nok. Markus var heldig, han fekk nytt hjarte etter berre nokre månader.

– Ei hjartepumpe har ikkje puls, så eg hadde ingen hjarterytme. Difor skjønte eg ikkje kva det var som dunka i brystet mitt, då eg vakna opp frå operasjonen. Den pulsen og den dunkinga har blitt ein utruleg herleg kjensle for meg.

HØYR REPORTASJEN HER:

– Stadig lengre ventelister

Organkøane veks raskt. For ti år sidan stod over 200 nordmenn i kø for eit nytt organ, mens i 2014 var talet nesten dobla.

– Talet på donorar heldt ikkje tritt. I 2015 blir truleg køane lengre, og det kan føre til at fleire pasientar ikkje får behandlinga dei treng, seier Aleksander Sekowski, informasjonskonsulent i Stiftelsen Organdonasjon.

Kvart år dør over 30 personar medan dei står i kø. Den viktigaste årsaka til at ventelista veks, er medisinske framsteg.

– Det kjem nye pasientgrupper til, fordi nye sjukdomar blir behandla med transplantasjon. Der er grupper med pasientar som ikkje kunne få ei varig behandling før, som no får tilbod om transplantasjon.

– Snakk om organdonasjon

Gunhild Holmaas

SNAKK OM DET: Overlege Gunhild Holmaas oppmodar folk til å snakke om donasjon med sine pårørande.

Foto: Runa Victorian Engen / NRK

Når nokon dør av hjerneskade, er det dei pårørande som må fortelje legane om den døde ynskja å vere donor. Sjølv om 85 prosent av nordmenn seier dei vil vere organdonor, svarar dei pårørande nei i kvart fjerde tilfelle.

Overlege på Intensivmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus, Gunhild Holmaas, seier legane ofte møter fortvila pårørande.

– Me er ute etter vedkommande som er død sitt ynskje. Pårørande som blir spurt er jo oppe i sitt livs krise, og eg tenkjer at ein kan spare sine pårørande frå ganske store kvalar viss ein snakkar med dei om det, seier Holmaas.