Hopp til innhold

Dømt for trygdesvindel

Ei kvinne i 30 åra er i Nordhordland tingrett dømt til fem månaders fengsel for grov trygdesvindel, skriv Vestnytt. Kvinna har svindla NAV for nesten 400 000 kr over ein periode på 3 år. Ho har i søknader til NAV oppgitt at ho var aleinemor, men var i heile perioden sambuar med barnefaren. Saka blei avslørt då kvinna på nytt blei gravid med same mann. Mannen er dømt for medverking til trygdesvindel. Paret må også betale tilbake pengane