Hopp til innhold

Taxisjåføren dømd til fengsel

Den 41 år gamle taxisjåføren som køyrde inn i ein politibil i Bergen, er dømd til fengsel i 75 dagar.

Taxi køyrde inn i politibil
Foto: Alexander Vollevik Larsen

Taxisjåføren må også betala 100.000 kroner i erstatning til kvinna som var passasjer. Ho fekk livsvarige skader då taxien brasa inn i ein parkert politibil på Puddefjordsbroen i mars i fjor.

Mannen mistar også førarkortet i to år.

Kolliderte med politibil

Det var natt til 23. mars mars 2012 at sjåføren plukka opp den 48 år gamle kvinna ved Fløybanen i sentrum. Kvinna hadde vore ute og feira bursdagen sin med dottera. Deretter køyrde han gjennom Sydnestunnelen og ut på Puddefjordsbroen.

På toppen av brua står ein av politiet sine sokalla cellebilar. Bilen stod parkert i delar av eller heile høgre køyrefelt i retning Laksevåg frå Bergen sentrum. 41-åringen klarte ikkje å sjå den parkerte politibilen, og dermed var kollisjonen eit faktum.

Vurderer å anka

Aktor i saka, politiadvokat Kjersti Svendsen, bad om 90 dagar fengsel for 41-åringen, medan forsvarar Ørnulf Samdal bad om frifinning. Etter å ha fått dommen forkynt, vurderar hans klient no å anke saka.

– Han er først og fremst veldig lei seg, og syns domstolen har vore veldig streng med han. Han er ikkje samd i vurderinga og dei faktiske forholda som retten har lagt til grunn. Vi skal tenke oss om og skal sjå på dommen i detalj, seier Samdal til NRK i ettermiddag.

Dei har 14 dagar på å bestemme seg for å anka eller ikkje.

Aktor Kjersti Svendsen seier til NRK at ho er nøgd med at han blir domfelt og at straffa er ikkje er langt unna påstanden deira.

Befaring nær

SYNFARING: Her stod politiet sin bil. Politibetjentane var på veg ut for å avverja eit sjølvmordsforsøk på brua. Biletet er frå synfaringa til retten.

Foto: Magnus Aamo Holte

Prøvde å svinge unna

Sentralt i saka var spørsmålet om taxisjåføren burde sett politibilen eller ikkje. Sjåføren nekta straffskuld då rettssaka byrja tidlegare denne månaden.

–– Politibilen var veldig vanskeleg å sjå. Plutseleg såg eg den rett framføre meg. Eg prøvde å svinge unna. Eg gjorde alt eg kunne, men klarte det ikkje, sa sjåføren i retten.

– Han opptredde grovt aktlaust. Det gjer dette til ei alvorleg sak, som bør straffast deretter, sa aktor Svendsen i sin sluttprosedyre.

Livsvarig skadd

Den 48 år gamle kvinna i baksetet vart livsvarig skadd som følgje av kollisjonen. Dottera i midten av 20-åra vitna også i retten, og fortalde om ei mor som var sprudlande og ungdommeleg, men som i dag er utan språk og er varig pleietrengande.

– No handlar det om å finne ein stad der mamma kan bli gamal, sa dottera.