Hopp til innhold

Kameraten dømd til 11 år fengsel etter å ha kasta Sebastian ut av høgblokk

21 år gamle Sebastian Seterås blei kasta ut for rekkverket i sjuande etasje. Den dømde kameraten vil ikkje anke dommen.

Sebastian Seterås ble funnet drept i Fyllingsdalen mars 2018

DREPEN: 21 år gamle Sebastian Seterås blei drepen natt til 23. mars i fjor.

Foto: Privat

Det var 23. mars i fjor at dei to kameratane hadde vore på byen saman, og enda opp i leilegheita i Fyllingsdalen.

Der blei Seterås utsett for vald, før han blei løfta over rekkverket i høgblokka. Han vart funnen død på bakken utanfor blokka, i det politiet kalla eit mistenkeleg dødsfall.

Aktor Benedicte Hordnes la tidlegare i oktober ned påstand om fengsel i 13 år for den drapssikta kameraten. Statsadvokaten meinte drapet burde gi 15 års fengsel, men gav to år i frådrag fordi 22-åringen har tilstått.

Hordnes konstaterer at retten har kome til ei anna vurdering av om Seterås levde eller ikkje då han blei kasta ut for, og at straffa difor har blitt to år mindre enn ho bad om.

– Det er jo eit veldig straffeskjerpande moment om han levde. Her har retten funne at det var rimeleg tvil, seier Hordnes.

22-åringen må betale oppreisning på 300.000 kroner til kvar av foreldra til Seterås.

Ankar ikkje

22-åringens forsvarar seier dei har bestemt seg for ikkje å anke.

– Denne saka er ei stor belastning for alle, og vi har bestemt oss for å godta dommen, seier forsvarar Øystein Storrvik.

Han seier dei fyrst og fremst er glade for at klienten hans blei trudd på at han ikkje var klar over at kameraten kunne vere i live etter valden.

I dommen står det at retten «legger til grunn som bevist at tiltalte trodde at Seterås døde noe tid etter volden ble avsluttet, men før Seterås ble kastet utfor.»

Bistandsadvokat Christian Flemmen Johansen seier familien meiner straffa er for låg og at det vil vere rett å anke dommen.

For mora var påstanden 2,5 år. Ho var tiltalt for å ha fjerna bevis. Ho får to år og seks månader i fengsel og må betale 75.000 kroner til kvar av foreldra.

– Vi er ikkje einige i dommen, og kjem til å anka, seier forsvarar til mora, Kaj Wigum.

Benedicte Hordnes i retten

RETTEN: Statsadvokat Benedicte Hordnes og bistandsadvokat Christian Flemmen Johansen i Bergen tingrett under rettssaka. Hordnes seier dei ikkje har bestemt seg for om dei vil anke domen eller ikkje enno.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Omfattande vald

Rettssaka mot dei to starta i slutten av september.

Den drapstiltalte 22-åringen har forklart at dei etter å ha vore på byen enda opp i leilegheita til mora i Dag Hammarskjölds veg, og at dei alle tre heldt fram med festinga der.

Han hevdar at stemninga snudde fordi kameraten prøvde å kysse mor hans. Då «svartna det» for han, og han slo Seterås ei rekke gonger, blant anna med ei spritflaske.

Seterås døydde av knusingsskadar mot hovudet, ifølgje obduksjonsrapporten.

22-åringen har erkjent straffeskuld, men med atterhald. Han meiner kameraten allereie var død då han løfta han over rekkverket.

Høyblokk i Bergen der politiet mener drap skjedde

ÅSTAD: Drapet skjedde etter ein fest i denne høgblokka i Fyllingsdalen. Den tiltalte 22-åringen forklarte først at kameraten hadde tatt livet sitt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Var han i live?

Om Seterås var i live eller ikkje då han blei løfta over rekkverket, har vore eit sentralt spørsmål i rettssaka.

Aktor Benedicte Hordnes meinte i retten at det var bevist at Seterås var i live. Forsvararen til den drapstiltalte meiner på si side at forklaringa til rettsmedisinaren gjer at ein ikkje kan sjå bort frå at han var død før han trefte bakken.

Retten meiner at altså at Seterås «mest sannsynleg» endå levde då han blei kasta utanfor rekkverket på svalgangen, men legg til grunn at 22-åringen trudde han var død.

Når Seterås døydde har blant anna hatt betydning for om mora (50) kunne bli straffa for å ikkje ha skaffa han helsehjelp medan han var i live.

Mora var også tiltalt for å ha prøvd å fjerna bevis, men erkjente ikkje straffeskuld på nokon av punkta. Ho har ikkje ynskja å forklare seg i retten.