NRK Meny
Normal

Rammar inn gatekunsten til Dolk

Byrådet i Bergen går inn for å verne gatekunsten. I første omgang er det gatemåleria til den anerkjende kunstnaren Dolk som vil få beskyttande glas og ramme. Sjølv er kunstnaren usikker på om det er riktig.

Det er neste veke at Monica Mæland og eit samla byråd går inn for å ramme inn fleire av verka som prydar gatene i Bergen sentrum.

– Vi ønskjer å bevara kunsten til Dolk så godt vi kan. Han er Noregs fremste gatekunstnar og ein av byens fremste samtidskunstnarar, seier byrådsleiar Monica Mæland (H) til NRK.

Dolk frå Bergen har oppnådd millioninntekter for bileta sine. Kunstnaren sjølv møter aldri media ansikt til ansikt, og har skjult identitet. Tidlegare i haust tok han også for alvor steget frå gata og inn i kunstgalleria.

Søknaden om å løyva 50 000 kroner til å setje glas og ramme rundt verka til Dolk, kjem etter forslag frå tre unge menn frå nettforumet Kunstveggen.no.

Artikkelen held fram under videoen

Dolk rammes inn

SJÅ SAKA: Byrådet i Bergen vil ramme inn gatekunsten til Dolk.

– Kjekt å sjå kunsten i gatene

Nokre stader er måleria hans vandalisert. Difor er det viktig at vi bevarer dei.

Christian Hundevadt, Kunstveggen.no

– Vi er veldig interessert i gatekunst. Då eg kom her for å studere, så syns eg det var kjekt å kunne gå rundt i gatene og sjå på kunsten, fortel Christian Hundevadt.

På dei kring åtte åra det har gått sidan gatekunsten til bergensaren byrja å dukka opp i bybiletet, har måleria hans vorte utsett for både vêr og vind. Fleire av verka er også dekka med tagging.

– Nokre stader er måleria hans også vandalisert. Difor er det viktig at vi bevarer det, slik at neste generasjon også kan få sjå kunsten, meiner Hundevadt.

Gard Eiklid, som også står bak initiativet om å verne gatekunsten, seier det er viktig at ein bevarer ein del av Bergen si sjel.

– I dei seinare år har Dolk gått frå å vera lokalkjendis til å bli ein internasjonalt anerkjend kunstnar. Å bevara kunsten i gatene kan bli ein kulturell verdi for Bergen by i framtida.

Skiljer mellom hærverk og kunst

I Professor Keysers gate på Nygårdshøgden heng eit av dei mange gatemåleria til Dolk. Diverre er det tagga over.

– Det er forskjell på kva som er kunst og kva som er hærverk, kommenterer Monica Mæland medan ho betraktar måleriet saman med Eiklid og Hundevadt.

– Av og til er den balansen er ganske hårfin, men her er det openbert kva som er kunst og kva som er hærverk.

Men då han måla dette var jo gatekunsten ulovleg. No betalar dykk for å bevara det. Du er ikkje redd for signaleffekten?

– Nei det er eg ikkje. Vi har ein graffitiplan, der vi prøver å skilje mellom kunst og hærverk. Det meiner eg vi har fått til. Det er viktig å ta vare på kunstverka som er tilgjengeleg for alle, svarar Mæland.

Artikkelen held fram under biletet

Monica Mæland og Kunstveggen

BEVARER GATEKUNSTEN: Byrådsleiar Monica Mæland saman med initiativtakarane Christian Hundevadt og Gard Eiklid.

Foto: Turid Rogne / NRK

Fjernar ikkje gatekunstens natur

Ho presiserer at bevaringa av kunsten til Dolk skjer i samråd med huseigarane som har fått eit av kunstverka hans på husveggen.

– Om nokon ikkje ynskjer å ha eit av verka til Dolk på huset sitt, så skal dei få råde over det sjølv. Vi skal gå i dialog med huseigarane og så bevarer vi det vi klarar å bevare. Det andre kan jo då forsvinne over tid, men det ligg jo også litt i graffitiens natur.

På spørsmål om at nettopp bevaringa fjerna graffitiens natur, tar Hundevadt ordet.

– Eigentleg ikkje, no har det hengt ute i mange år allereie. Spontaniteten vil framleis vere der, men no handlar det om å bevara det så fleire kan få sjå det, seier han.

Kunstnaren sjølv er usikker

Men kunstnaren sjølv er usikker på om innramming er det riktige for gatemåleria hans. I ein kommentar til NRK seier han at det var aldri ein problemstilling då han måla bileta for fleire år sidan.

– Det er surrealistisk å ta stilling til dette no, sju-åtte år etter at dei vart mala. Eg har alltid visst at eit gateverk døyr uansett- før eller sidan. Vær, vind, tagging og tjuveri er skjebnen til eit gateverk, seier Dolk.

At nokre av verka hans framleis "lever" ser han på som eit positivt teikn.

– Men om det er best å ramme dei inn er eg litt usikker på. Pleksiglaset sin verknad blir som ein respirator for kunstverket. Det vert halde kunstig i live. Men det vil døy på ein eller anna måte uansett.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo