Tar for alvor steget inn i kunstgalleria

På ti år har Dolk sine konfronterande sjablongar gått frå gate til kunstgalleri. Noregs mest populære gatekunstnar opnar i dag si største utstilling nokosinne.

– Sidan det er min heimby, så vil eg det skal vere ekstra spicy og med ein ekstra dimensjon. Eg ville lage ein så bra utstilling som eg overhovud kan, seier Dolk til NRK.no.

Det er berre andre gong han tek kunsten sin frå gata og inn i eit kunstgalleri.

– Eg har med andre element og gjort det litt meir gjennomført enn mi første utstilling, som var i Oslo. Dette er meir spesielt, held Dolk fram.

På ti år har DOLK sine konfronterande sjablongar gått frå gate til kunstgalleri. 
Noregs mest populære gatekunstnar opnar i dag si største utstilling nokonsinne.

SJÅ VIDEO: Dolk opnar si største utstilling nokosinne i Bergen.

Tek steget inn i galleria

Utstillinga hans kan du sjå i Galleri S.E i Kalfaret i Bergen.

Dolk fortel at utstillinga markerer eit ti-års jubileum og syner forskjellige sider av arbeidet hans. Her får publikum sjå skulpturar, installasjonar og nye og gamle verk på lerret.

Han forklarar at den største forskjellen frå å driva med gatekunst til å stilla ut i galleri er tida.

– Eg får meir tid til å jobbe i studio og meir tid til å planlegge. På gata vert alt gjort på eit par sekund, då er det jo berre å male og så forsvinne. No kan eg eksperimentere med nye bilete.

Den nye utstillinga er Bergen er nesten utselt før dørene opnar.

Held på anonymiteten

Dolk kjem frå Bergen, og har oppnådd millioninntekter for bileta sine. Kunstnaren sjølv møter aldri media ansikt til ansikt, og har skjult identitet.

– Det byrja sjølvsagt med at eg mala ulovleg. Men i det siste har eg ikkje gjort mykje av det. Det handlar mest om å vera ein vanleg mann i gata og ikkje bli kjent igjen. Eg ønskjer ikkje det, det passar meg ikkje, forklarar han.

– Opplev du at folk stiller spørsmål ved integriteten og kredibiliteten din som gatekunstnar, når du no også bevegar deg inn på den ordinære kunstscena?

– Nei eg gjer ikkje det. Det handlar vel om at eg held meg godt utanfor miljøa. Eg køyrer solo og gjer mi eiga greie. Om nokon har noko mot det, så er det heilt greitt. For meg blir det ein naturleg overgang, svarar Dolk.

Mala bilete i Fukushima

I mars 2011 vart Japan råka av eit jordskjelv og ein tsunami. Naturkatastrofen førte til store øydeleggingar, også på atomkraftverket Fukushima Daiichi.

Dolk kjente på trongen til å reisa ned og mala bilete i området.

– Eg hadde sett på nyheitene om tsunamien og atomulukka der. Å reise ned der for å male på knuste båtar og andre ting, det var noko eg ville gjere. Eg ville sjå øydeleggingane med eigne auge.

Artikkelen held fram under bileta

Han spurte ein ven i Tokyo om det var mogleg å komma seg ut til det avsperra området kring atomanlegget i Fukushima.

– Vi klarte å komme oss dit, vi var vel kring 20 km frå sjølve reaktoren. Det var ingen helserisiko å vera der.

– Det var heilt spesielt

Han skildrar eit landskap der ting vaks over alt, t-bane stasjonar som var gjengrodd og klede som framleis låg i vaskemaskinene.

– Det var som å koma til ein spøkjelsesby. Det var heilt surrealistisk. Vi fant ein heil haug med knuste hus. Det at me fekk mala nokre bilete i den settingen var utruleg spesielt. Noko slikt får eg aldri oppleve igjen, skildrar Dolk.

Turen ut til området som vart råka av øydeleggingane og atomulukka gjorde sterke inntrykk på gatekunstnaren. Ein dag ønskjer han å reisa attende.

– Det er spesielt å vere i eit område der det har skjedd ei atomulukke. Det var æresfrykt og eg kjente meg ganske sårbar. Eg tenkte på folket som måtte flytte derifrå. Det er mange kjensler i sving.

Drøymer om å stilla ut i kjent galleri

Gatekunstnaren har store ambisjonar for dei neste åra og publikum kan vente seg meir og variert kunst frå bergensaren.

– Eg ynskjer å reise meir og ha fleire utstillingar. Eg tippar neste utstilling kjem om to år og eg håpar eg får stilt ut i eit stort og kjent galleri. Framover vil eg prøva å utvikla teknikkane mine og lage fleire skulpturar.

– Eg vil gjerne utforske fleire medium, avsluttar den populære gatekunstnaren.