Kor vart det av gatemåleriet til Dolk?

Berre dagar etter at Bergen kommune ville verna Dolk sin gatekunst med glas og ramme, er eit av dei mest kjende verka hans borte vekk.

Dolk Finnegans

'GRENADE LOVERS': Her ved baren Finnegans har måleriet stått i ei årrekkje. No er det vekke.

Foto: Turid Rogne / NRK

Dolk verk vekke lysare

BORTE VEKK: No er det berre vindauga som viser etter at plata med kunstverket er skrudd vekk.

Foto: Fredric Madsen

Biletet, kalla "Grenade Lovers" har i årrekkje vore godt synleg ved baren Finnegans i Bergen sentrum.

No er det vekke, og det berre kort tid etter Kunstveggen.no tok initiativ til å verne gatekunsten til den anerkjende kunstnaren frå Bergen.

Kunstverket var måla på ei plate som var festa framfor eit vindauge. Det ser ut til at plata er skrudd ned og no står vindauga att. Det skal ha skjedd natt til fredag.

– Vi ville aldri ha fjerna det

Det er Bergen Næringsråd som eig bygget i Veiten. Administrerande direktør Marit Warncke seier dei aldri ville funne på å ta ned kunstverket.

– Eg har akkurat fått vite det. Dette tykkjer eg er veldig trist. Eg la merke til at Dolk sjølv uttalte at gatekunst er slikt som dukkar opp og så forsvinn det med tida. Men eg syns det er veldig trist om nokon har fjerna dette for å ha det som eit klenodium heime.

– Kva gjer dykk vidare?

– No må vi undersøke dette nærare og må finne ut kva som skjedd, avsluttar Warncke.

– Dette er veldig trist

– Vi tykkjer det er veldig trist, om det no er blitt stole. Dette var også eit av hans betre verk og eit lokalt landemerke, seier Fredric W. Madsen, som er ein av grunnleggjarane bak diskusjonsforumet kunstveggen.no.

Han meiner gatekunsten høyrer heime i gatene og ikkje heime på veggen.

– Om det er stole så får kanskje tjuvane kalde føter og leverer det tilbake, kven veit?

Saka held fram under biletet

Monica Mæland og Kunstveggen

BEVARER GATEKUNSTEN: Byrådsleiar Monica Mæland saman med initiativtakarane Christian Hundevadt og Gard Eiklid i kunstveggen.no.

Foto: Turid Rogne / NRK

Mæland overraska

Då NRK ringjer byrådsleiar Monica Mæland fredag kveld, vert ho svært overraska over nyhenda.

– Det er jo veldig synd, dette har eg ikkje høyrt noko om. Men det ligg jo litt i gatekunstens natur det her, at det er flyktig og at det anten kan verta mala over eller rett og slett bli stole, seier ho.

Bergen kommune løyvde 50 000 kroner til å setje glas og ramme på gatekunsten til Dolk. Det arbeidet vil uansett halda fram.

– Vi ynskjer framleis med å bevara kunsten hans så godt vi kan i samråd med huseigarane som har kunsten på veggen. Vi vil freista å bevara så mykje som mogleg.

Verd millionar

Dolk frå Bergen har oppnådd millioninntekter for bileta sine. Kunstnaren sjølv møter aldri media ansikt til ansikt, og har skjult identitet. Tidlegare i haust tok han også for alvor steget frå gata og inn i kunstgalleria.

Sjølv var han usikker på om det var riktig då det vart kjend av kommunen vil verne gatekunsten hans.

– Det er surrealistisk å ta stilling til dette no, sju-åtte år etter at dei vart mala. Eg har alltid visst at eit gateverk døyr uansett- før eller sidan. Vær, vind, tagging og tjuveri er skjebnen til eit gateverk, sa Dolk til NRK den gong.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon