Hopp til innhold

Dokumentarfilmskaparar krev meir støtte: – Ei hysterisk skeivfordeling

OS (NRK): Dei siste åra har norsk dokumentarfilm fått kvar tiande krone av midlane som vert delt ut til norsk film. No krev dokumentaristane meir av potten.

Kari Anne Moe, Jan Olav Sawyer og Kelly Cathrin Haugan

Kari Anne Moe her saman med Jan Olav Sawyer (t.v.) og Kelly Cathrin Haugan (t.h.).

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Når vi har halvparten av arbeidsplassane i bransjen, er ein så stor del av næringa og har eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt, så synest eg ikkje det er grådig å be om ein femdel av midlane som vert fordelte, seier filmregissør Kari Anne Moe.

Denne veka har nærare 200 dokumentarfilmskaparar vore samla på Os utanfor Bergen til det årlege Dokumentarkonventet. Her vert film, fag og framtida til norsk dokumentarfilm diskutert.

Resultatet er mellom anna eit krav om meir pengar frå Norsk filminstitutt (NFI).

– Det er på høg til at suksessen, profesjonaliseringa og rekkevidda til norsk dokumentarfilm vert reflektert i dei midla som vert fordelte, seier Moe, som leiar dokumentarkonventet.

Har i snitt fått ni prosent

Norske dokumentarar har fått fleire gjeve prisar den siste tida. Mellom anna fekk «Brødre» hovudprisen for langfilm på filmfestivalen Hot Docs, og «Nowhere to Hide» vann tilsvarande pris på IDFA, verdas største dokumentarfilmfestival.

Moe er skuffa over at dokumentarfilm dei siste sju åra i snitt har fått ni prosent av midlane som NFI deler ut.

Kronprins Haakon i Haugesund

«PØBLER»: I 2015 leda Kari Anne Moe Kronprinsen, filmpressa i Haugesund og kinopublikummet inn i verda til unge i Oslo som strevde med å fikse vaksenlivet, gjennom filmen «Pøbler».

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

No krev filmregissøren at 20 prosent av pengane som vert delt ut skal gå til dokumentarar.

I dag er det ei hysterisk skeivfordeling.

– Kvalitet som bles hatten av dei fleste

I 2014 kom Ryssevik-rapporten (ekstern lenke), på bestilling frå kulturdepartementet. Her vart det mellom anna stadfesta at dokumentarfilm genererte halvparten av arbeidsplassane, og 75 prosent av omsetjinga til spillefilmbransjen, ifølge Moe.

– Eg forstår kravet frå dokumentarfilmskaparane godt, seier Lars Løge.

Lars Løge

FORSTÅR: Lars Løge i NFI forstår frustrasjonen til dokumentarfilmskaparane.

Foto: Privat

Han har mellom anna produsert den prislønte filmen «Drone», men sit i dag på andre sida av bordet – som Filminstituttet sin dokumentarfilmkonsulent.

– Norsk dokumentarfilm er ein bransje som har utvikla seg, nokon vil seie trass i at den har få midlar og mindre kjennskap blant folk. Likevel har den klart å bygge seg opp til å bli ein av verdas beste dokumentarbransjar, med eit kvalitetsnivå som bles hatten av dei fleste internasjonalt, seier Løge.

Vil kjempe for kravet

Løge skal no spele inn internt i NFI kva dokumentarfilmbransjen treng av midlar for å vedlikehalde suksessen.

– Kjem du til å krangle for at dokumentarfilmskaparane skal få viljen sin i neste års budsjett?

– Ja, men eg trur ikkje det treng å bli krangling. Vi er einige om at dokumentarfilm treng eit push, seier Løge.

Elisabeth Kleppe

VENTAR PÅ MEIR STØTTE: Filmprodusent Elisabeth Kleppe meiner det er særskilt viktig med dokumentarar i dag.

Foto: Kieran Kolle

Elisabeth Kleppe, som er filprodusent i det bergenske selskapet Aldeles film, meiner dokumentaristane treng meir pengar for å kunne lage dokumentarar som hjelper folk å forstå verda.

– Vi har ein ekstra viktig jobb no, i den kaotiske verda vi lever i. Bransjen er full av folk som har eit sterkt behov for å fortelje historia om den tida vi lever i, fortida som har danna oss og framtida vi ser. Men det er ein tøff bransje, seier Kleppe.