Hopp til innhold
Politiet undersøker Raudholmane utanfor Os etter dødsulukke
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Dødsulukke ved Raudholmane

  • MISTENKER HØG FART:

    Politiet veit no kvar ulukkesbåten på Raudholmane har treft. – Den har gått på ein av dei minste holmane, gått rett over og landa i sjøen igjen på andre sida, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. Båten var truleg på veg frå Os i retning Halhjem og politiet mistenkjer høg fart.

  • GJER AVHØYR AV VITNER:

    Politiet i Os gjer no avhøyr av vitne etter båtulukka der ein mann omkom og to blei skadde. – Vi har ikkje kunne snakke med dei involverte i ulukka enno. Derfor veit vi lite om kva som hende, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. Det er rutine å ta blodprøver i slike ulukker, men svar på prøvene kan ta inntil to veker.

  • OMKOM I BÅTULUKKE:

    Ein person mista livet og to er sendt til sjukehus etter ei båtulukke ved Os i natt. Ulukka skal ha blitt oppdaga då det vart høyrd skrik frå ein holme like utanfor Kuvågen, ved Raudholmane. Ein person var hardt skadd ifølge Hordaland politidistrikt.