Hopp til innhold

Veit ikkje kven som førte ulukkesbåten

OS (NRK): Politiet på Os jobbar intenst med å finne årsaka dødsulukka på Raudholmane i natt. Eit sentralt spørsmål er kven som førte båten.

Båtulykke på Raudholmane utenfor Os sentrum.

-Politiets krimteknikarar reiste i dag ut til Raudholmane for å gjera undersøkingar-

Politiet har jobba heile dagen med å finne ut kva som skjedde då ein båt med tre personar trefte Raudholmane utanfor Os sentrum i natt.

Ein mann i 30-åra mista livet i den tragiske ulukka medan to andre vart sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Tysdag føremiddag har krimteknikarar frå bergenspolitiet vore ute på Raudholmane for å finne ut kvar båten gjekk på i natt.

Mistenker høg fart

– Vi veit ikkje kven av dei tre mennene som førte båten. Men vi veit no at båten har treft ein av dei mindre holmane, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til NRK (sjå kart nedst i saka).

Båten har vore på veg frå Os sentrum i retning Halhjem og politiet mistenkjer at det har vore høg fart.

- Det er på bakgrunn av vitneobservasjonar. Båten har gått rett over holmen og landa i sjøen på andre sida.

Eg såg ut vindauga og såg eit lys ute på sjøen. Det kunne høyrast ut som nokon ropte.

Nabo Tor Egil Hylland
Raudholmane

Båten har treft ein mindre holme mellom dei to holmane til høgre. Politiet mistenkjer høg fart.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Alvorleg skadd

Ein 35 år gamal mann ligg innlagt på Haukeland med alvorlege skader, medan ein 34-åring får behandling for lettare skader.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal ved Os lensmannsdistrikt har gitt saka høg prioritet og seier til NRK at opptil femten personar er i sving med etterforskinga.

– Dette er ei tragisk ulukke som vi må finne årsaka til snarast mogleg. Vi etterforskar breitt med undersøkingar av både holmane, båten samt avhøyr av eventuelle vitne, fortel Dyrdal.

Mistenker høg fart

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i Os politiet

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen på plass på Raudholmane for å gjere undersøkingar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Politiet har saumfara holmane for å finna spor eller skader på svaberga ved Raudholmane. Dei vurderer også å setje inn dykkarar.

So langt har det ikkje vore mogleg å avhøyre dei to som ligg skadd på Haukeland.

Det er rutinemessig utført promillekontroll.

– Ein stygg plass

Meldinga om ulukka kom inn til politiet klokka 00.16. Dei fekk telefonar frå naboar som høyrde skrik og såg lys frå holmen. Nabo Tor Egil Hylland har utsikt til Raudholmane.

– Eg høyrde først masse måkeskrik. Så eg såg ut vindauga og såg eit lys ute på sjøen. Det kunne høyrast ut som nokon ropte, fortel Hylland til NRK.

– Det var heilt beksvart ute. Alt eg såg ute på sjøen var det lyset, legg han til.

Hylland seier det har skjedd fleire gonger at båtar har gått på Raudholmane.

– Viss ein ikkje veit at dei ligg der, så er det ein veldig stygg plass. Det er forferdeleg trist og heilt uverkeleg at det gjekk så gale som det gjorde i natt.

Tor Egil Hylland og Raudholmane

Tor Egil Hylland har god utsikt til Raudholmane frå terrassen sin. – Ein stygg plass om du ikkje kjenner til at holmane ligg der, seier han.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Vil ha tips

Politiet er svært interessert i å koma i kontakt med folk som kan ha opplysningar om det som har skjedd.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal ber folk ta kontakt.

– Det er berre å ringa oss og fortelja om ein veit noko. Vi er interessert i alle opplysningar som kan hjelpe oss å finne årsaka på kortast mogleg tid.

Publikum kan ringe politiet på 02800 og be om å bli sett over til Os lensmannsdistrikt.

raudholmane