Hopp til innhold

Døde fuglar omkransa oppdrettsanlegget: – Heilt grufullt

Bastian Veland oppdaga fem døde fuglar i nettet kring oppdrettsanlegget i Masfjorden. Dyrevernarar varslar politimelding. – Slike nett blir brukt på anlegg i heile landet, seier oppdrettaren.

Fugler i netting på oppdrettsanlegg i Masfjorden

– GRUFULL DØD: – Dei som har hengt opp dette må ha skjønt at dette kom til å skje, meiner Bastian Veland.

Foto: Bastian Veland

Søndag var Bastian Veland ute i båt i Austfjorden i Masfjorden kommune i Hordaland. Ved oppdrettsanlegget til Blom Fiskeoppdrett ved Vikane oppdaga han noko som hang i nettinga kring merdane.

Då han gjekk nærmare anlegget, såg han at det var ein fugl som hadde hengd seg fast i nettinga og døydd.

– Eg er glad i dyr, og syntest dette var heilt grufullt, seier Veland.

Så blei det verre. Til slutt talde han opp fem døde fuglar, mellom anna måkar, i dei grovmaska netta kring merdane.

– Dei har tilsynelatande lidd ein grufull død, seier Veland.

– Dei som har hengt opp dette må ha skjønt at dette kom til å skje, meiner han.

Fugler i netting på oppdrettsanlegg i Masfjorden

– UNØDVENDIG: Ein kunne ha brukt andre typar vern, meiner Noah.

Foto: Bastian Veland

Vil gå til politiet

Veland varsla dyrevernsorganisasjonen Noah om funnet. Leiar Siri Martinsen meiner bruken av nettet er i strid med lova om dyrevelferd.

– Det er klart at desse fuglane har lidd, og at det har vore unødvendig når ein kan bruka andre typar vern, meiner ho.

Martinsen seier det også kan vera brot på naturmangfaldlova. Fleire måseartar er truga, påpeiker Martinsen.

– Me har meldt liknande saker til politiet tidlegare, og kjem til å melda denne til politiet dersom me får nok informasjon, seier ho.

I så fall kan oppdrettaren risikere bot. Dyrevelferdslova seier at «gjerder og andre mindre innretninger» ikkje skal utsetta dyr «for fare for unødige påkjenninger og belastninger».

Fugler i netting på oppdrettsanlegg i Masfjorden

STANDARDNETT: – Det er sjølvsagt dumt at dette har skjedd, men me er pliktige til å ha vern mot rovdyr, seier leiar i oppdrettsselskapet, Øyvind Blom.

Foto: Bastian Veland

Oppdrettaren: – Standardnett

Dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett AS, Øyvind Blom, stadfestar hendinga ved anlegget i Austfjorden i helga.

– Nettet er eit standardnett som er i bruk på oppdrettsanlegg i heile landet, seier Blom.

Oppdrettssjefen seier han ikkje har fleire kommentarar.

Kjem de til å gjera noko for å hindra at dette skal skje igjen?

– Det er sjølvsagt dumt at dette har skjedd, men me er pliktige til å ha vern mot rovdyr, seier Blom.

oppdrett