NRK Meny
Normal

Lastebilsjåføren (54) døde etter kollisjonen

Ulukka på E39 måndag har kravd to liv. Den 54 år gamle lastebilsjåføren som låg innlagt på Haukeland sjukehus med kritiske skader, døde onsdag.

Lastebil etter ulukke E39

KRAFTIG SAMANSTØYT: To personar omkom i frontkollisjonen mellom ein lastebil og ein bubil på E39 i Åsane måndag.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Det opplyser Helse Bergen i ei pressemelding no i ettermiddag. Pårørande er varsla.

Det var måndag at ein lastebil og ein bubil kolliderte front mot front på E39 i Åsane, nord for Bergen. Ulukka skjedde i 70-sona like ved avkøyrsla til Steinestøvegen.

Bubilen fekk store skadar i den kraftige kollisjonen og 69 år gamle Harald Olai Vik, som var førar av bubilen, vart erklært død på staden. Kona hans vart sendt til Haukeland sjukehus men kom frå ulukka med lettare skader.

Kom over i feil felt

Lastebil kom frå nord medan bubilen med ekteparet kom sørfrå. Ifølgje politiet kom lastebilen over i feil køyrefelt.

Ulukka er under etterforsking, og politiet er interessert i å snakka med vitne.

En person er bekreftet omkommet etter at en bobil og en trailer frontkolliderte på E39. To personer er sendt til Haukeland universitetssykehus.

SJÅ VIDEO: Bubilen fekk store skadar i frontkollisjonen med lastebilen. Ulukka kravde to liv.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.