Hopp til innhold

Død person funnen i vatn på Bømlo

Funnen i nedsokken bil som har vore lenge i vatnet.

Storavatnet på Bømlo

STORAVATNET: Bilen med den døde personen vart funne her i Storavatnet ved Svortland i Bømlo.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Klokka 13.41 fekk politiet melding at det hadde vorte observert ein nedsokken bil i den søraustre enden av Storavatnet på Bømlo.

Då bilen vart henta opp på land vart det funne ein død person i bilen. Personen er ikkje identifisert.

– Bilen og personen ber tydeleg preg av å ha vore lenge i vatnet. Me veit ikkje kor lenge, men det er snakk om veker eller månader, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Storvatnet ligg ved Svortland som er kommunesenteret i Bømlo kommune.

Mistenkjeleg dødsfall

Politiet veit ikkje om personen er utsett for noko kriminelt.

– Det er umogeleg å seia. For oss er dette eit mistenkjeleg dødsfall, seier Friberg.

Sakna sidan oktober

Ein person har vore sakna i det same området sidan oktober i fjor.

– Me kan ikkje sjå vekk frå at dette funnet kan handla om denne personen, seier operasjonsleiaren.

Den omkomne vert onsdag sendt til Gades Institutt i Bergen for identifisering og obduksjon.