Hopp til innhold

Død person funnen etter redningsaksjon

Leitemannskap har torsdag søkt etter ein mann i 20-åra i fjellet ved Ulriken. Ein person er funnen død.

Redningsaksjon på Ulriken

AKSJON: Over 20 personar deltok i søket etter ein ung mann på Ulriken torsdag. Ein personen er funnen død i terrenget.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Det opplyser politiet klokka 19.26.

– Mannen er funnen i bratt og ulendt terreng. Det er vind og dårleg vêr i området, og det er uklart for oss kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Fann mannen etter «større redningsaksjon»

Personen blei funnen av ein hundepatrulje utanfor oppmerkt sti.

Politi, brannvesen, helsepersonell og frivillige frå Røde Kors og Norske Redningshunder har sidan torsdag ettermiddag deltatt i det politiet omtalar som ein større redningsaksjon. Søket blei gjort i området mellom Ulriken og Svartediket.

– Luftambulanse deltok i søket fram til det var mørkt. Sidan har store styrkar bidratt, seier Dahl-Michelsen.

Mann funnet død ved Ulriken

Etterlyste mann i 20-åra

Politiet gjekk torsdag ettermiddag ut med etterlysing av ein ung mann i 20-åra, som var observert i området.

Innsatsleder John Endre Skeie

INNSATSLEIAR: John Endre Skeie i Vest politidistrikt.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Politiet er i ferd med å bera den døde ned frå fjellet. Han er enno ikkje identifisert, men operasjonsleiaren seier skildringa passar med mannen dei etterlyste.

– Me veit ikkje kven han er, og har ikkje varsla pårørande. Men alt tyder på at det er personen me har søkt etter i kveld.

Innsatsleiar John Endre Skeie seier det vil ta mange timar å få mannen ned. Ulriksbanen er stengd på grunn av vinden.

– Personen ligg i såpass ulendt terreng at bårelaget må sikrast med tau.

Politiet har oppretta sak og mannen vil bli obdusert.

Redningsaksjon Ulriken

ULRIKEN: Politi, brannvesen, helsepersonell og frivillige har sidan torsdag ettermiddag søkt etter ein person i fjellet nær Ulriken i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK