NRK Meny
Normal

Død mann i elv etter bursdagsfest

Ein mann i 40-åra vart i dag tidleg funne død i ei elv i Norheimsund. I følge politiet er dette truleg ei tragisk ulukke i samband med ei bursdagsfeiring.

Laster kart, vennligst vent...

DØD ETTER BURSDAGSFEST: Ein mann i 40-åra er funne død i ei elv i Norheimsund.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt opplyser at politiet fekk meldinga søndag kl. 08.25.

– Det var personar som deltok i feiringa i natt som fann mannen i den vesle elva og kontakta AMK. Den omkomne hadde vore med på festen.

Politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko straffbart.

– Dette er truleg ei tragisk ulukke, seier Kolltveit.

Ei gravferdsbyrå har henta den døde, som blir obdusert ved Gades institutt i dag.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.