Død kvinne funnen i sjøen ved Verftet i Bergen

Politiet og brannvesenet har henta opp ei omkommen kvinne frå sjøen.

verftet

VERFTET: Ein død kvinne blei henta opp frå sjøen ved Verftet i Bergen sentrum torsdag formiddag.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Politiet blei varsla av folk på staden som observerte ein person i sjøen ved Verftet i Bergen, skriv BA.

– Me fekk melding frå ein person som ringde inn klokka 09.42. Vedkommande hadde observert det han meinte måtte vere ein død person i sjøen, fortel operasjonsleiar i politiet Lars Geitle til NRK.

Politiet og brannvesenet jobba saman på staden for å hente om den omkomne kvinna.

– Me ser på dette som ei undersøkingssak. Det fyrste me må gjere er å finne ut kven kvinna er. Førebels har me ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, seier Isehaug.

Ikkje mistanke om noko kriminelt

Klokka 12 stadfestar politiet at den omkomne personen er ei kvinne. Torsdag ettermiddag har politiet identifisert ho.

– Me veit kven ho er, og har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, seier operasjonsleiar i politiet, Vibeke Næss.

Politiet vil ikkje seie noko om alder på kvinna.