Hopp til innhold

Veit framleis ikkje kva som skjedde

Politiet står framleis utan svar på kva som skjedde då 8 år gamle Monika Sviglinskaja døydde i heimen sin i Sund kommune i november i fjor.

Jente funnet død i Sund kommune

ETTERFORSKA: Politiet har etterforska saka som eit mogeleg drap i snart tre månader, men står framleis utan svar.

Foto: Eirik Hagesæter/Bergensavisen

Jenta vart funnen død av mor si i heimen til dei to i Sund kommune. Etter nesten tre månader med etterforsking, står politiet framlauis utan svar på om det har skjedd noko kriminelt.

– Håpar på avklaring

– Saken er framleis open, men me håpar å få ei avklaring innan ein månad, seier lensmann i Sotra og Askøy, Odd Dale.

Saka har heile tida vore etterforska som ei mogleg drapssak. Politiet veit dødsårsaka, men vil ikkje gå ut med den, då bakgrunnen er usikker.

Ventar på svar

I dag har politiet oppsummert saka, og det er framleis ikkje kome svar på alle tekniske undersøkingar. Politiet skal òg gjennomføre fleire avhøyr.

– Me har framleis dei nødvendige ressursar på saka, men ventar på nokre svar frå mellom anna Rettsmedisinsk Institutt og Kripos, seier Dale.

Kan verte lagt bort

Politiet ventar å få fleire svar i løpet av dei neste fire vekene, men kan ikkje sei kva utfallet vert.

– Om saka går mot henlegging eller ikkje veit me lite om, men me håpar å ha fleire svar innan rimeleg tid, seier Dale.

8-åring funnet død

ALEINE HEIME: Den 8 år gamle jenta vart funnen død av mor si den 14. november. Politiet veit framleis ikkje kva bakgrunnen for dødsfallet er.

Foto: Remi Presttun/Bergensfoto.no