NRK Meny
Normal

Dobbelt så mange astmabarn

Ingen veit sikkert kvifor stadig fleire barn slit med astma. No vil norske forskarar finne svaret.

På tjue år har talet barn med astma-anfall dobla seg. Forskarane veit ikkje kvifor.

Robin Haugsøen Davidsen (10) sliter med å puste.

Det er tungt for meg å puste. Det er irriterande! Eg kan ikkje springe så mykje som dei andre i klassen

Robin Haugsøen Davidsen (10)

– Alt du kan! Pust ut alt du kan! Veldig bra!

Sjukepleiaren heiar på Robin Haugsøen Davidsen. Tiåringen har klype på nasen og pustar inn i ei maskin. Han er ein av stadig fleire på hans alder som har astma.

No vil forskarane på Haukeland universitetssjukehus finne ut så mykje dei kan om lungene hans og kvifor han har fått sjukdomen.

– Det er tungt for meg å puste. Det er irriterande! Eg kan ikkje springe så mykje som dei andre i klassen, forklarer Robin.

Giftlokket kan ha skulda

Barnelege og pasient

LEITER ETTER SVAR: Overlege Halvorsen diskuterer dagens tester med Robin

På 90-talet fekk kring åtte prosent av barn under ti år astmaanfall. I dag opplever om lag kvart femte barn dette. Ingen veit sikkert kvifor det er slik.

Ulike forskingsrapportar har peikt på mellom anna fjernsynssjåing, paracetbruk og keisarsnitt som mogelege årsaker.

Somme forskarar meiner å ha bevist at høg luftforureining er ei utløysande faktor for astma. Difor vert barn i Bergen og Akershus no undersøkt for å finne ut om urein luft gjer friske barn sjuke.

– Truleg er det ikkje berre ei årsak men fleire uheldige samantreff som er skaper astma, trur overlege Thomas Halvorsen på Barneklinikken på Haukeland.

Trur på nye svar

Robin Haugsøen Davidsen

PUSTAR UT: Robin Haugsøen Davidsen er ferdig med testen

For første gong kartlegg no forskarane kva 1000 barn har blitt utsett for allereie frå før dei blei fødde. Gjennom «Mor og barn-undersøkinga» til Folkehelseinstituttet kan dei få nye svar på kva som er årsakene til at stadig fleire får lungesjukdomen.

– Ein så stor studie som dette kan vere ein døropnar til betre å forstå kva som utløyser astma, trur overlege Halvorsen.

Folkehelseinstituttet voner det vil vere mogeleg å kunne gje presise råd om kva barn må unngå når at forskingsresultata er klare om eit år.

Håp for Robin

Robin har omsider pusta ut for forskinga. Han får ta av seg naseklype og slangane han har pusta inn i. Forskarane veit mykje om han. Han har blitt kartlagt og forska på sidan han var eit foster.

For tiåringen frå Bergen gjev dette eit håp om at det ein gong skal bli lettare å puste.

– Det er gøy å vere med på testane. Men irriterande å ha astma.

"Giftlokk" Bergen 3. desember 2012

FORUREINING: Det såkalla giftlokket ein vinterdag i desember 2012

Foto: Ole Hallvard Dyrbekk

Siste video

Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.