DNT-hyttevert tiltalt for ulovleg villreinjakt på Hardangervidda

Mann tiltalt for ulovleg felling av fem villrein og helikoptertransport av jaktbytet. – Ikkje i tråd med DNT sine verdiar.

Villrein henger like ved riksveg 7 på Hardangervidda

SKAUT VILLREIN: Mannen blei tatt for å ha felt fem villrein på Hardangervidda utan fellingsløyve. (arkivbilete)

Foto: Sindre Helgheim / NRK

I august i fjor fekk politiet melding frå oppsynstenesta om at ein mann var tatt for å ha felt fem villrein utan fellingsløyve på Hardangervidda.

Mannen hadde ikkje jaktkort frå fjellstyret. No har statsadvokatane i Hordaland og Sogn og Fjordane tatt ut tiltale mot mannen for brot på naturmangfaldlova.

I tillegg er mannen tiltalt for å ha bestilt ulovleg helikoptertransport i samband med frakt av jaktbytet. Statsadvokatane har lagt ned påstand om inndraging av jaktvåpen og jaktrettar.

Driv hytte for DNT

Den tiltalte driv ei hytte for Den norske turistforeining.

– Vi er kjend med denne saka, og har fått informasjon både frå politiet og styraren sjølv. Vi ønsker ikkje ta stilling til saka før den er oppe i retten og avslutta, seier Jan Erik Reiten, leiar for avdeling for Hytter og Ruter i DNT Oslo og Omegn.

Reiten seier generelt at lovar og reglar skal bli følgde, og at eventuell ulovleg jakt ikkje er i tråd med DNT sine verdiar.

Jan Erik Reiten

– IKKJE I TRÅD MED DNT-VERDIAR: Jan Erik Reiten i DNT seier foreninga ikkje vil ta stilling til saka før den er avslutta i rettssystemet.

Foto: Marius Nergård Pettersen

– Gjorde det som privatperson

Saka er blitt etterforska av Hardanger lensmannsdistrikt i samarbeid med miljøteamet i Vest politidistrikt. Politiadvokat Trygve Ritland vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.

Forsvarar Pål Skarnes Jensen seier at klienten vil presisera at han utførte jakta som privatperson, og at denne ikkje har noko med hans arbeidsforhold å gjera.

Jensen seier kjøtet, som vart beslaglagt av politiet, var til privat bruk.

Saka skal opp i Hardanger tingrett i desember.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon