DNT-hyttevert dømt til fengsel for ulovleg villreinjakt på Hardangervidda

Mannen i 50-åra skaut fem villreinar og parterte dei på DNT-hytte. – Svært alvorleg, meiner turistforeininga, som no vil vurdere hytteverten si framtid.

Reinsdyrklem

FELTE FEM: DNT-styraren felte fem villreinar utan løyve. To dagar seinare kom politiet på besøk til turisthytta på Hardangervidda.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Styraren på ei DNT-hytte på Hardangervidda hadde ikkje gjeldande jaktkort, men felte fem vaksne villreinar i august 2018.

Få dagar seinare blei mannen tatt på fersken då politiet og Statens naturoppsyn fann 250 kg kjøt på DNT-hytta på Hardangervidda.

Fire dagar før jul fall dommen i Hardanger tingrett: 25 dagar fengsel på vilkår, 25.000 kroner i bot og tap av jaktretten i fire år.

Mannen, som av retten blir omtala som ein «erfaren jeger med kunnskap om regulering av jakt på reinsdyr på Hardangervidda», fekk også inndratt ei rifle og må betala sakskostnader på 5000 kroner.

DNT: – Han må ta si straff

– Dette er ei alvorleg sak, både for han og for oss, seier Jan Erik Reiten.

Han er eigedomssjef i DNT Oslo og Omegn, som eig 85 hytter i fjellområda i Sør-Noreg.

NRK omtalte tiltalen mot styraren ved DNT-hytta i september. Då uttalte Reiten at friluftslivsorganisasjonen ikkje ville ta stilling til saka før ho var avslutta.

– Me forventar at alle som driftar hyttene våre held seg til dei lovar og reglar som finst. Han må naturlegvis ta si straff når han gjer noko alvorleg som han blir dømt for, seier Reiten.

Jan Erik Reiten

VIL VURDERA: Eigedomssjef Jan Erik Reiten i DNT Oslo og Omegn seier dei ikkje har handtert ei liknande sak tidlegare. – Han må naturlegvis ta si straff når han gjer noko alvorleg som han blir dømt for.

Foto: Marius Nergård Pettersen

Har lang fartstid som hyttestyrar

DNT Oslo og Omegn har ansvaret for vedlikehald og investering ved hyttene. Den no dømde styraren på Hardangervidda er den som har ansvaret for drifta og den daglege oppfølginga.

Mannen har vore tilknytt DNT i lang tid.

– Det er snakk om ein tidsubestemt avtale, med moglegheit for gjensidig oppseiing, seier Reiten om kontrakten.

Reiten seier det er for tidleg å seia kva konsekvensar dommen får for hans vidare verke som styrar. Ifølge han har ikkje DNT vore borti tilsvarande saker tidlegare, og dei treng tid til å vurdera kva dei skal gjera.

– Er det aktuelt å seia opp kontrakten?

– Det trur eg ikkje at eg skal spekulera i no. Først skal me lesa dommen og ta ein prat med styraren, så får me sjå kva det endar med.

Villrein på Hardangervidda

VILLREIN: Villreinstamma på Hardangervidda er den største i Noreg. Det særskilde ansvaret Noreg har for den europeiske bestanden gjer den ulovlege fellinga av fem villreinar skjerpande, meiner Hardanger tingrett.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Parterte reinen på hytta

Viltet blei funne og beslaglagd av politiet og Statens naturoppsyn 30. august 2018, to dagar etter felling.

På turisthytta blei kjøtet partert og lagt på kjøl. Ifølge tiltalen var kjøtet gjort klart til uttransportering og skulle anten nyttast til eige bruk eller serverast til gjester på turisthytta.

Statsadvokatane i Hordaland og Sogn og Fjordane tok ut tiltale mot mannen for brot på naturmangfaldlova.

I oktober blei han også tiltalt for brot på paragraf 324 i straffelova, som dreier seg om underslag. Årsaka er at Høgsterett tidlegare har konkludert med at ulovleg felt vilt i realiteten tilhøyrer Viltfondet.

Retten la til grunn ein kilopris på 100 kroner for reinsdyrkjøtet, noko som gav slaktevekta på 207 kilo ein samla verdi på 20.700 kroner.

I retten erkjente den tiltalte hytteverten forholda, men nekta straffskuld for tiltalepunktet om underslag.

Ankar ikkje dommen

TIl NRK seier mannen at han ikkje er einig i dommen, og at han meiner seg delvis uriktig dømd.

– Eg synest straffa samla sett er for streng. Likevel ønskjer eg å bli ferdig med saka og vil difor ikkje anka, skriv mannen i ei melding til NRK.

Han legg til at jakta var ei rein privat handling, som absolutt ikkje har noko med jobben i DNT å gjera.

Hyttestyraren skriv til NRK at dommen «påverkar DNT like lite som at han skulle ha køyrd på raudt lys».

Trygve Ritland, politiadvokat Vest politidistrikt

POLITIADVOKAT: Trygve Ritland i Vest politidistrikt seier påtalemakta vurderer å anka straffa. Dei meiner hyttestyraren bør få høgare straff.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Politiet vurderer å anka

Politiadvokat Trygve Ritland la ned påstand om 60 dagars fengsel då han prosederte i saka, og la mellom anna til grunn straffeutmålinga i andre saker der jegerar har drive tjuvjakt.

Fleire forhold ved saka på Hardangervidda er skjerpande, meiner han.

– For det første er det her snakk om eit lovbrot gjort med forsett. Saka er ikkje lik mange tilsvarande saker, der jegerar har skote aktlaust. For det andre er villreinen under press, og ein art Noreg har eit særleg ansvar for, argumenterer politiadvokaten.

Villreinen er ikkje totalfreda, men er ein såkalla ansvarsart som Noreg har ei særskilt internasjonal forvaltarplikt for. Meir enn 25 prosent av europeisk bestand er i Noreg, ifølge Miljødirektoratet.

Hardanger tingrett gav mannen frådrag på grunn av lang handsamingstid. Ritland seier påtalemakta vurderer å anka dommen fordi dei meiner straffa er for låg.