NRK Meny
Normal

DNS vil henta inn eksterne granskarar

DNS hentar no inn eksterne granskarar for å undersøka dei gove skuldingane kommunikasjonssjef Finn Bjørn Tønder kom med etter å ha sagt opp stillinga si denne veka.

Agnete Haaland

VIL GRANSKA SAKA: Teatersjef ved DNS Agnete Haaland har ansvaret for at skuldingane som blir retta mot direktør Bente Hartvedt Ringstad blir gått gjennom på ein skikkeleg måte.

Foto: NRK

Torsdag vart det kjent at kommunikasjonssjef ved Den Nasjonale Scene Finn Bjørn Tønder bestemte seg for å seia opp stillinga si i protest.

Årsaka er ein konflikt med direktøren ved DNS, Bente Hartvedt Ringstad.

I dokumentet som BA har fått tilgang på Tønder skuldar direktøren for mellom anna å planlegga dokumentforfalsking, at ho er manipulerande og har ein diktatorisk leiarmåte.

No seier DNS at dei vil etterforska skuldingane eksternt.

– Det som styret bestemte seg for er at me skal få hjelp av eksterne konsulentar slik at alle partar blir høyrt på ein skikkeleg måte.

– Ikkje noko kjekt

Kven som skal gjera arbeidet, kan ikkje teatersjef Agnete Haaland seia endå.

– Kontraktane skal me ordna på måndag, men me har gjort avtalar med dei konsulentane som me ønsker å bruka.

DNS har no hamna i sin andre store personalkonflikt på eitt år. Kommunikasjonssjef ved Den Nationale Scene, Finn Bjørn Tønder har sagt opp i protest etter berre to år i jobben.

SE VIDEO: Dramatisk stemning på Den Nationale Scene.

Haaland er oppteken av å sikra at dei som jobbar på teateret skal ha det bra.

– Me tek dette veldig alvorleg, fordi det er viktig for alle at arbeidsmiljøet her er godt.

Ho seier at saka pregar teateret.

– Det er klart at slike saker aldri er noko kjekt. Me er opptekne av å spela teater, og når dette brevet når pressen så er jo ikkje det ideelt.

Haaland vil legga fram arbeidet på neste styremøte som er 21. oktober.

LES OGSÅ: Gransker arbeidsmiljøet på DNS

– Må undersøkast grundig

Tønder meiner DNS har større truverd når eksterne personar går gjennom innhaldet i brevet.

– Det er klart at ei intern gransking ikkje ville vera det same, seier han.

Innhaldet i brevet vil ikkje Tønder kommentera ytterlegare, men no håper han at saka faktisk vil bli gått gjennom på ein grundig måte.

– Dei personane som eg har snakka med som har noko på hjarta, håper å få ein seriøs behandling av denne saka. Dei ønsker å få sagt i dei rette fôra kva dei meiner, fortel Tønder.

LES OGSÅ: – Oppsigelsen kom som et sjokk

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen