Hardangerfjorden er ein av stadane der rømt oppdrettslaks har vorte eit problem. Store mengder oppdrettslaks er på rømmen, men ingen oppdrettarar vil vedkjenne seg den.
Arv skal avsløre
No blir Hardangefjorden forskningspmråde når Fiskeridirektoratet tek utradisjonelle metoder i bruk - DNA-testing.
Håpet er at analysa av arvestoffet til fisken skal avsløre kvar rømt oppdrettslaks stammar frå, seier Jens Christian Holm i Fiskeridirektoratet.
Ein av fiskarane i Hardanger som fekk trollgarnet fullt av rømt laks. Foto: Bjørn Kjetil Hansen
Garna fulle
I den siste tida har folk ved Hardangerfjorden fått garna fulle av rømt oppdrettslaks. Problemet er at oppdrettslaksen trugar villaksbestanden i Hardangerfjorden og er med på å spreie lakselus.
- Om ein eller to promille av oppdrettsfisken røm, er det like mykje som det er villaks. Det representerer ein uakseptabel situasjon, seier Holm.
Ikkje rettskraftig
Oppdrettarane ønskjer DNA-testinga velkomen, seier Hans Inge Algrøy i Vestnorsk Havbrukslag. Men han åtvarer mot å sette for stor lit til metoden. - Det vil innsnevre søkefeltet, men ikkje vere noko rettskraftig bevis.
Avskrekkande effekt
- Det er heilt klart at dersom ein veit at det er svært stor sjanse for å bli teken, er det lite aktuelt å halde ei rømming skjult, meiner Holm i Fiskeridirektoratet.
Fiskeridirektoratet har også vurdert å merke all oppdrettslaks for å gjere det lettare å spore den, men dette ville blitt for dyrt med ein prislapp på omlag 200 millioner kroner.