NRK Meny
Normal

Djabrail (6) døydde: Familien vil ta frå legen lisensen

Familien meiner legen «er uegnet til forsvarlig yrkesutøvelse» etter å ha sett feil sprøyte i hjernen til seksåringen. – Dei er opptekne av at slike feil aldri skjer igjen.

Seksåring død etter feilmedisinering

DØYDDE: Seks år gamle Djabrail Sulejmanov døydde etter ein legetabbe på Haukeland i Bergen.

Foto: Privat / NTB scanpix

Seks år gamle Djabrail Sulejmanov døydde 14. september etter ein legetabbe på Haukeland.

Guten, som var innlagd med svulst på hjernen, fekk ei sprøyte med legemiddelet Vinkristin injisert i hovudet. Sprøyta skulle vore injisert i ei blodåre.

Det er gått ein månad sidan Helsetilsynet leverte sin førebelse rapport i den alvorlege saka.

Denne veka sende advokatane til familien sine merknader tilbake til Helsetilsynet. NRK har fått tilgang til brevet, der dei har fleire kritiske merknader.

– Vi har funne bøker heilt tilbake til 1984 som syner at det blir åtvara mot kor farleg Vinkristin er. Vi tenkjer at Haukeland skulle ha innarbeida rutinane sine i lang, lang tid før dette skjedde med Djabrail, seier advokat Jan Inge Thesen til NRK.

Lom-Ali Sulejmanov og Fatima Jusjukajeva

FORELDRA: Djabrails mor Fatima Jusjukajeva saman faren Lom-Ali Sulejmanov etter å ha vitna hjå politiet i Bergen. Dei krev at legen som feilbehandla sonen mister autorisasjonen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Vil ha strengare reaksjon mot legen

I den førebelse rapporten frå Helsetilsynet fekk Haukeland universitetssjukehus hard kritikk. Tilsynet peika på to alvorlege hovudavvik.

Det er oppretta tilsynssak mot legen som sette sprøyta feil og Helsetilsynet har varsla om at vedkommande risikerer ei åtvaring.

Det meiner familien ikkje er godt nok. Dei krev strengare reaksjonar mot legen:

  • Først og fremst ynskjer familien at legen får sin autorisasjon tilbakekalla
  • Viss ikkje det skjer, vil familien at legen må få avgrensa sin autorisasjon slik at vedkommande ikkje aleine har ansvaret for pasientar utan tilsyn.

«[...] legen må anses som uegnet til forsvarlig yrkesutøvelse som lege og at [...] autorisasjon må tilbakekalles», skriv advokatane i merknadane til Helsetilsynet.

– Familien meiner det må reagerast strengt på eit heilt unødvendig dødsfall. Dei er også opptekne av at dette ikkje skal skje med andre. At det vert statuert eit eksempel, slik at dette aldri skjer igjen, seier Thesen til NRK.

Til slutt skriv familiens sine advokatar Jan Inge Thesen og Thorstein J. Skansbo:

«De valg legen gjorde [ ...], og som førte til Djabrails død, anføres å understreke behovet for faglig kompetent tilsyn med legen».

Djabrails grav

GRAVLAGD I TSJETSJENIA: Djabrail vart gravlagd i foreldra sitt heimland i september.

Foto: Privat

Vil vente på endeleg rapport

Leiinga i Helse Bergen vil ikkje gå inn på detaljar i saka eller kommentere påstandar frå familien.

– Vi gjorde ein alvorleg feil som fekk dei verst tenkelege konsekvensar. Det er tragisk, og vi vil igjen beklaga på det sterkaste, seier administrerande direktør Eivind Hansen til NRK i dag.

– No vil vi venta på den endelege tilsynsrapporten. Det pågår også ei politietterforsking. Vi ber difor om forståing for at vi ikkje kan gå nærare inn i sjølv sakskomplekset no.

Hansen legg til at sjukehuset varetek legen og sjukepleiaren som var involvert i hendinga.

Krev full gjennomgang

Haukeland har endra rutinane sine etter hendinga.

Men familien sine advokatar krev likevel ein full gjennomgang av rutinane til helseføretaket. Dei viser mellom anna til NRK si sak om at CT-bilde som avslørte kreft, vart liggande i ni månadar før pasienten fekk beskjed.

«Også i dette innslaget erkjente Haukeland Universitetssjukehus at de ikke hadde tilfredsstillende rutiner for pasientoppfølging», heiter det i merknaden frå advokatane.

Haukeland universitetssjukehus
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.