Hopp til innhold

Direktøren på Akvariet trekkjer seg

Kees Ekeli har sagt opp stillinga si som direktør ved Akvariet i Bergen. Han fråtrer 30. juni neste år.

Kees Ekeli og Akvariet

TREKKJER SEG: Kees Ekeli trekkjer seg etter ei tid med kritikk frå Arbeidstilsynet og kritikk frå dei tilsette ved Akvariet.

Foto: Leif Rune Løland

– Eg ynskjer det beste for Akvariet, og etter motstand frå fleire av dei tilsette tenkjer eg det vil vera enklare å vidareutvikla verksemda med ein annan leiar, seier Kees Ekeli i ei pressemelding.

– Eg samarbeider godt med styret, og me har komme fram til at dette er ei god løysing, legg Ekeli til.

Etter at arbeidskonfliktar har komme til overflata, og både Arbeidstilsynet og Mattilsynet har komme med kritikk mot Akvariet i Bergen, har Kees Ekeli tidlegare sagt at han har vurdert å trekkje seg.

– Akvariet er best tent med det

Massiv kritikk gjorde at Akvariet i Bergen tidlegare i desember valde å stenge dørene for heile to månader. Utanlandske ekspertar vart hyra inn for å betre forholda for dyra.

– Eg opplever det har vore mykje bråk og turbulens rundt Akvariet, og eg opplever at det har vore skadeleg for Akvariet. Som følge av det har eg sagt opp stillinga mi i dag, for å få litt ro rundt Akvariet, seier Kees Ekeli til NRK.

– Eg trur nok Akvariet er best tent med det, legg han til.

Han seier han har hatt støtte i styret i Akvariet heile vegen, og at avgjersla han har tatt om å trekkje seg er frivillig.

– Eg bestemte meg 4. desember og at kom til å seie opp, og styret aksepterte det på eit styremøte tidlegare i dag, seier han.

– Har gjort ein god jobb

Kees Ekeli er marinbiolog, og har vore tilsett ved Akvariet i Bergen sidan 1998. Han har vore direktør sidan 2002. Han får skryt av styreleiar i Akvariet, Hallgeir Riisøen.

– Kees Ekeli har gjennom 12 år gjort ein svært god jobb for Akvariet. Som frontfigur har han bygd opp Akvariet sitt omdømme på ein god måte. Styret er takknemleg for det arbeidet han har nedlagt, seier styreleder Hallgeir Riisøen.

– I den siste tida, med kritikk frå tilsette og Arbeidstilsynet, har Kees Ekeli vist ein konstruktiv innstilling. Me er glad for at han tatt ansvar for å fullføre viktige forbetringar ved Akvariet før han fråtrer, seier han.

Håpar på godt samarbeid

Rett over nyttår vil styret i Akvariet starte arbeidet med å finne Kees Ekeli sin etterfølgjar. Fram mot 30. juni 2015 håpar Ekeli på godt samarbeid med dei tilsette.

– Me har mykje å gjere, og eg har tru på at bade eg og dei tilsette skal få til eit godt samarbeid, og lage opplevingar for publikum, seier han.

– Me vil jobbe med å evaluere dyrevelferd, og gjere tiltak på ei rekkje område. Det blir eit spanande halvår, seier Kees Ekeli.