Hopp til innhold

– Sjølv om det er fleirtal betyr ikkje det at me har teke ei avgjerd

11 av 15 i prosjektgruppa vil behalda akutt-tilbodet ved eit av landets minste sjukehus, men rapporten tilseier dødt løp.

Odda sjukehus aksjon

AKSJON: Over tusen møtte fram for å demonstrera då arbeidsgruppa hadde sitt siste møte i desember. Endelig vedtak om akuttkirurgisk beredskap vil skje på eit styremøte i april.

Foto: Tale Hauso / NRK

Torsdag kunne NRK fortelja historia om luftambulansen som ikkje kunne landa i Odda då Eirik vart fødd 13 veker for tidleg. Mora Annbjørg Skare Molven meiner akuttkirurgien på lokalsjukehuset redda sonen for seks år sidan.

Men då arbeidsgruppa som har vurdert endringar ved Odda sjukehus la fram konklusjonane sine fredag, stod hovudspørsmålet utan svar.

Olav Klausen

IKKJE AVGJORT: Helse Fonna-direktør Olav Klausen står fast på at lagnaden ved Odda sjukehus ikkje er avgjort. – Me ynskjer ein grundig høyringsprosess vidare slik at alle får koma til orde.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Elleve mot fire

Eit mindretal på fire ynskjer å avvikla og i staden bruka ressursar på å utvida andre tilbod ved sjukehuset.

Fleirtalet på elleve – representantar frå lokalsamfunnet og tilsette ved sjukehuset – meiner det er medisinsk uforsvarleg å avvikla.

Det er få om nokon stader det er så store utfordringar med geografi, topografi, vêrtilhøve og stengde vegar som i opptaksområdet til Odda sjukehus.

11 av 15 medlemer i prosjektgruppa for Odda sjukehus

Likevel vert spørsmålet om akuttkirurgi framstilt som ei delt innstilling i rapporten.

– Sjølv om det er fleirtal og mindretal i gruppa betyr ikkje det at det har vore ei votering og at me har teke ei avgjerd, seier Helse Fonna-direktør Olav Klausen.

Roald Aga Haug, ordfører i Odda kommune (Ap)

OPPGJEVEN: Odda-ordførar Roald Aga Haug (Ap) meiner helseføretaka har lagt opp til ein prosess blotta for truverd. – Udemokratisk, er hans dom.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

Ordførar: – Inga truverd

Odda-ordførar Roald Aga Haug (Ap) sit sjølv i prosjektgruppa. I eit brev til styra i Helse Vest og Helse Fonna i romjula skreiv han at truverdet til prosessen er vekke. Han har òg kalla metoden udemokratisk.

– Teksten i rapporten reflekterer for dårleg fleirtalet sine meiningar. Han inneheld feil og har til dels eit tendensiøst innhald som bygger opp under prosjektleiar sine meiningar og konklusjon, skreiv ordføraren i brevet like før nyttår, før rapporten blei offentleggjort.

Blant dei minste i landet

Berre 12.000 personar i Hardanger soknar til Odda-sjukehuset. Det gjer sjukehuset med 22 sengeplassar til eitt av dei minste i landet.

Odda sjukehus står difor midt i den nasjonale debatten om nærsjukehus og akuttkirurgi som har rast sidan helseminister Bent Høie (H) lanserte den nye helse- og sjukehusplanen i 2015.

1. mai i Odda

LANG KAMP: Kampen om tilboda ved Odda sjukehus har vart i mange år. Her frå ei markering i eit 1. mai-tog for noke år sidan.

Foto: Egil Torheim/ NRK

Men i Odda har aukande turisme og utfordrande geografi segla opp som eit argument for å halda på akuttmedisinsk kompetanse.

– Fleire i Odda trur at høyringsrunden ikkje blir særleg lagt vekt på. Ordføraren meiner prosessen har vore udemokratisk. Kva tankar gjer du deg om det?

– Eg kan berre seia så sterkt eg kan at det ikkje er fatta noko avgjerd. Me ynskjer ein grundig høyringsprosess vidare slik at alle får koma til orde. Dei innspela blir tekne med når saka skal handsamast endeleg, seier Klausen og legg til.

– Først no startar den demokratiske prosessen.

Odda sjukehus

STRIDENS KJERNE: Det er 22 sengeplassar ved Odda sjukehus. 12.000 personar frå tre kommunar soknar til lokalsjukehuset.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Urovekkjande

– Eg syns det er urovekkande at Klausen seier at den demokratiske prosessen startar først no, når rapporten er ferdig utarbeidd og formulert.

Trygve Bolstad er talsmann for aksjonsgruppa for Odda sjukehus.

Før jul trappa vel tusen oddingar opp framfor sjukehuset då arbeidsgruppa hadde sitt siste møte. No lovar Bolstad fleire mobiliseringar når høyringsrunden opnar.

– Eg synest ikkje rapporten verkar veldig tillitvekkande. Me vil syta for at alle i styret får informasjon om fleirtalssynet i prosjektgruppa. Regionen er svært oppteken av sjukehuset og at me har eit akuttkirurgisk tilbod.