Hopp til innhold

Amerikansk nettgigant: Difor er Noreg verdas beste land

Ylvis, Trolltunga i Odda, utsikten frå Fløyen og lukkelege menneske er nokre av grunnane til at Noreg er verdas beste land å bu, ifølgje Huffington Post.

Montasje

VERDAS BESTE LAND: Lukkelege menneske, fasinerande historie, akevitt og fantastisk natur er nokre av grunnane til at Noreg er verdas beste land å bu i, ifølgje avisa.

Foto: Montasje / NRK

To ord: Ville. Reinsdyr. Julenissen kan ikkje vera langt unna.

Huffington Post
– Noreg er utan tvil ein av jordas vakraste stader, skriv avisa i artikkelen som ramsar opp 25 grunnar til at Noreg er verdas beste land.

Huffington post er ei særs populær nettavis som blir lese av sju millionar amerikanarar kvar dag. Denne veka la avisa ut ein omfattande artikkel der Noreg vart skrytt opp i skyane.

Dyrt, men verdt det

Nettavisa poengterar i artikkelen at Noreg er eit dyrt land, men menier at det likevel er verdt å reisa hit.

Éin av grunnane avis ramsar opp, er at Noreg hamna på 2.plass i FNs ranking over verdas mest lukkelege land, i 2013, berre slått av Danmark.

Trass i at det aldri har blitt begått fleire drap i Noreg enn i 2013, skriv avisa at tryggleik er ein av grunnane til at Noreg er verdt eit besøk.

– Noreg har ekstremt lav kriminalitet. Få drap blir begått her. Som en klok jusstudent ein gong sa, «Lukkelege menneske drep ikkje kvarandre», skriv avisa.

«Snakkisen» som gjekk verda rundt

Ylvis

YLVIS: Brødrene bak giganthiten The Fox gjor internasjonal suksess.

Foto: Scanpix/Aschehoug

Amerikanske nettaviser og bloggarar lovprisa songen som tok internett med storm over natta.

I Artikkelen har avisa lagt ut musikkvideoen til Ylvis giganthit The Fox. Songen som har blitt sett meir enn 300 millionar gonger på You Tube vart raskt ein internasjonal suksess.

– Norge har laget dette meisterverket, skriv avisa og lenkar til videoen.


Midnattsol, fjordar og verdas lengste tunnel

Kjeragbolten

KJERAGBOLTEN: Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken på Kjeragbolten i Rogaland.

Foto: Sindre Lundvold

At naturopplevingane i Noreg er ei av årsakene til at nettavisa meiner dette er den beste plassen på jord, kjem kanskje ikkje som ei overrasking. Trolltunga i Hordaland, Kjeragbolten i Rogaland, fjordar på Vestlandet og midnattssol i nord, blir skrytt opp i skyane og illustrert i artikkelen.

– Ser du den steinen? Den kan du stå på. Kva anna plass i verda kan du stå hundrevis av meter over bakken på ein enkelt stein?, skriv avisa.

Men at ein tunnel har vore ein av hovudårsakene til at eit land vert kåra som verdas beste har truleg ikkje skjedd før. Avisa skryt nemleg av at Noreg til og med har verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen i Sogn og Fjordane.

– Julenissen kan ikkje vera langt unna

Fleire bilete av ville reinsdyr og Svalbard med isbjørnar er óg å finna i nettartikkelen. Artikkelen lokkar med turar til Svalbard og skriv at det er gode sjansar for å få auge på isbjørn om ein tek turen.

Og den amerikanske nettgiganten har konkludert med at Noreg er heimlandet til julenissen.

– To ord. Ville. Reinsdyr. Julenissen kan ikkje vera langt unna, skriv avisa.