Hopp til innhold

Difor bannar me så jæ***g mykje

– Me bannar for å bryte normer og lette på trykket, seier språkprofessor Gunnstein Akselberg. Han meiner det berre er sunt.

Ordet Faen skrevet med kritt på en grønn tavle

TRYKKLETT: Vi bannar for å bryte normer, og å bryte normer kan hjelpe oss å lette på trykket, meiner språkprofessoren.

Foto: Scanpix / SCANPIX

I løpet av ein dag kan både personar og situasjonar få oss til å slenge ut eit par velplasserte gloser. Dei fleste bannar av og til, og det har faktisk ein nyttig funksjon.

I nord har ein sett at folk har fått mildare straff enn i sør for å kalle politifolk hestkuk.

Gunnstein Akselberg

– Når du steiker og bannar får du utløp for det som provoserer eller irriterer deg. Har du slått deg eller er deprimert, hjelper ofte å banne, seier språkprofessor ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg.

Å banne er å bryte normer og reglar, seier han.

– Å bryte normer har ein god effekt for å lette litt på trykket, og det å banne er nettopp å bryte normer. Det er uhyre interessant å sjå korleis dette fungerer i det moderne samfunnet.

LES OGSÅ: Banning er ikke språkfattigdom

Tre kategoriar banning

Å banne er knapt noko nytt fenomen. Slik ordbruk kunne ein finne i det gamle Hellas, i det romerske riket, og lenge før det igjen, seier Akselberg. Og det er dei same normene me bryt i dag som den gongen.

– Banning kan delast inn i tre kategoriar. 1. Banning med ord som har med kjønnsorgan og sex å gjere, 2. Banning med ord knyta til kroppsvæsker og avføring, og 3. Banning som har med religiøse uttrykk å gjere.

– Kvar for seg er mange av desse orda greie. Kanskje vil nokon reagere på bruken av folkelege uttrykk på kjønnsorgan, men dei færraste vil reagere dersom me nemner dei objektivt.

Med ein gong me tek orda ut av konteksten og set dei inn i ei ny samanheng, blir dette annleis, og ordet får ei ny lada tyding.

– Ta for eksempel ordet djevel. Det finn ein jo i Bibelen og i trusvedkjenningar. Der er det eit heilt vanleg ord, men dersom ein tek det ut av Bibelen og kallar folk for ein djevel får det ei «banne-effekt».

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnstein Akselberg

BANN I VEG: Ein bør banne litt innimellom, meiner språkprofessor Gunnstein Akselberg.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

«Kødd, faen og helvete»

Nokre bannord som «faen» og «helvete» er godt etablerte i språket og ser ikkje ut til å forsvinne med det fyrste. Men andre bannord kan bli så vanlege at dei ikkje vekker reaksjonar lenger. Då mister det effekten og forsvinn.

– Ordet «kødd» er eit godt eksempel på det. For 15–20 år sidan var det eit stygt bannord. Det er jo eit folkeleg uttrykk på det mannlege kjønnsorganet. I dag er det heilt akseptert, og pene fruer og menn i alle sosiale lag kan seie «no må du ikkje kødde sånn», eller «du er ein kødd».

– Ingen reagerer på det, ordet har mista funksjonen som bannord og gått inn som eit vanleg ord i språket, seier Akselberg.

LES OGSÅ: – Den norske banningen er vanskelig å oversette

Bannar ulikt i ulike deler av landet

Eg trur det er sunt å banne innimellom. Då får ein uttrykt innestengde reaksjonar.

Gunnstein Akselberg

Banneutrykk kan også opplevast ulikt alt etter kvar ein bur i landet, eller kva sosialt lag ein høyrer til, seier han.

– Nordlendingane har jo fått ord på seg for å vere mykje meir frekvente bannarar enn i sør. Men det går an å banne på fleire måtar. Folk i nord brukar kanskje fleire uttrykk knyta til kjønnsorgan, kroppsvæske og slikt enn søringane. Men det betyr ikkje at søringane ikkje bannar, dei bannar berre på ein anna måte.

For eksempel vil ordet «hestkuk» vere meir alvorleg å bruke i sør enn i nord, seier Akselberg.

– I nord har ein sett at folk har fått mildare straff enn i sør for å kalle politifolk hestkuk. Uttrykket har ikkje den same funksjonen i nord som i Sør-Noreg.

LES OGSÅ: – Fjern stygt språk fra skolen, og elevene lærer bedre

– Sunt å banne

Ein bør banne litt innimellom, meiner språkprofessoren. Dei flest gjer det, og dei som rynkar på nasen, må eigentleg berre venne seg til det.

– Det har alltid vore der og vil alltid vere der.

– Er det framleis stygt å banne?

– Eg trur det kjem litt an på den sosiale situasjonen og kven det er som bannar. Enkelte bannord i bestemte sosiale lag er akseptert, og ein meir eller mindre vanleg uttrykksmåte. For andre kan det vere stikk motsett, meiner Akselberg.

– Eg trur det er sunt å banne innimellom. Då får ein uttrykt innestengde reaksjonar. Det er viktig at ein har sterke uttrykk som gjer at ein kan få utløp for det som frustrerer ein.

LES OGSÅ: Foreldra fekk sjokk då dei såg dette